Torskefisk volumnedgang

I tabellen nedanfor er det ei samanstilling av eksporttala frå sjømatrådet hittil i år for pelagisk og torskefisk. Totalt sett ser me at volumet for torskefisk har falle med fire prosent sidan i fjor, men at pris per kilo held seg godt oppe sjølv om me på grunn av koronasituasjonen ser ei dreiing mot rimelegare, meir bearbeida og fryste produkt. Ved utgongen av mars var kiloprisen på eksportert kvantum 44,65 kr, medan den for heile fyrste kvartal var 44,69 kr. I så måte burde ein kanskje ha forventa at prisen totalt sett kanskje gjekk noko ned, men til no har hamstring, daglegvaremarknaden og meirsalg i andre marknadar absorbert mesteparten av nedgangen i etterspurnad. Spørsmålet er om det er noko me kan forvente over tid?

 

 

Justert for valuta ser me at for 1. kvartal 2020 så kan omlag 68 prosent av eksportverdien forklarast gjennom svakare NOK. Denne effekten vil nok truleg verke ei periode til på grunn av snitteffektar, men allereie i april vil me kunne sjå lågare snittprisar i EUR, GBP, USD og JPY enn tilfellet var for mars. Om eit par tre månadar vil me difor kunne sjå at valutaeffekten vil slå negativt ut for eksportverdiane. Årsakene til sterkare NOK samanlikna mot mars på litt sikt er firedelt; Noregs Bank vil støttekjøpe NOK om den blir for svak, Noregs Bank har betra likviditeten i NOK- og kredittmarknaden med ei rekke tiltak, Noreg brukar oppsparte og ikkje lånefinansierte midlar i kampen mot korona og økonomisk nedtur, og ikkje minst – korona vil truleg gå over etter kvart, smittespreiinga vil avta, noko som vil auke risikable investeringar og ergo etterspurnaden etter NOK som liten perifer valuta. 

 

Mindre valutaeffekt for pelagisk

For pelagisk er ikkje valutaeffekten like stor, knappe 21 prosent, trass i markant sterkare USD. Det skuldast at hovudeffekten på auka eksportverdi i hovudsak skuldast auka prisar på Sild i NOK, samt større etterspurnad etter makrell. I fyrste kvartal ser me derimot eit markant fall i volum på 35 000 tonn som følge av fråfall i eksport av kolmule og naturlegvis lodde. Sildevolumet er tilnærma likt, medan makrell volumet er opp nesten 60 prosent. Totalt sett må me vel anta at pelagisk skal klare seg også godt framover i ein situasjon der koronafrykta prega marknaden. Dreiing mot rimelegare alternativ og meir heimekonsum er vel noko me allereie ser gir støtte til den pelagiske eksporten. 

  

Mars 2020

Ser me enno nøyare ned i materien og samanliknar eksporttala for mars 2020 med tilsvarande periode i fjor ser me kanskje enno mørkare skyer i horisonten. 

 

 

 

Torskefisk

For torskefisk ser me at samanlikna med mars i 2019 så kan utviklinga i eksportverdi forklarast med nesten 170 prosent gjennom valutaeffektar. Justert for NOK svekkinga mellom mars 19 og mars 20 burde kiloprisen vore omlag 46 kroner kiloen for kvar kilo torskefisk eksportert. Me ser at utfallet var 43,27, som også er ned 1,3 kr samanlikna med kvartalet for øvrig. Med andre ord så byrjar koronaeffektar å gjere seg gjeldande, og me er alt på det tidspunktet der stadig svakare NOK ikkje klarer å kompensere for redusert kjøpekraft ute, og dermed fallande prisar i fortrinnsvis USD og EUR. Når me i tillegg veit at NOK effekten truleg vil verke andre vegen framover, i alle fall på litt sikt, så vil det gi eit negativt bidrag til eksportverdien framover. Til sjuande og sist vil det truleg også gi seg utslag i lågare prisar i fyrstehandsomsetninga over tid. 

 

Pelagisk

Nedgang i volum skuldast eine og aleine fråfall i kolmuleeksport samanlikna med 2019. Det skuldast at stor innanlandsk etterspurnad tek unna det som er tilgjengeleg grunna høge prisar på fiskemjøl/olje ute. Når det gjeld pris og volum elles underbygger det berre konklusjonen for kvartalet sett under eitt med tanke på den omkalfatra situasjonen marknaden no står ovanfor. Marknadskonsekvensar av koronasituasjonen gjere Sild og Makrell meir attraktivt samanlikna med andre alternativ, noko som vil medføre at Pelagisk fisk truleg vil gjere det tåleleg godt under denne krisa. Pris er i stor grad drive av auka etterspurnad og ikkje eit resultat av NOK svekking.

 

Utsikter

Me er allereie på eit tidspunkt der me ser at omkalfatring av marknadssituasjonen særleg for torskefisk byrjar å medføre eit særskilt prispress i dei fleste produktgrupper målt i USD og EUR. Hittil i år er mykje av dette kamuflert/kompensert i form at stadig svakare NOK nivå, men me nærmar oss grensa der dette biletet snur i alle fall på månadsbasis. Med koronasituasjonen hengande over oss, der me samtidig må forvente at den forverrar seg ytterlegare vil det gi utfordringar både for fisket, produksjon, distribusjon/logistikk og sal. Hovudbilete ein truleg likevel må forvente er redusert kjøpekraft og endra konsummønster ei god stund framover. Dette vil truleg hovudsakeleg slå ut på eksportprisane, og ikkje nødvendigvis i volum. Dette fordi næringa er særs tilpasningsdyktig  og me ser oppsving for både klippfisk/saltfisk/fryst, samt at andre marknadar absorbera volum der andre fell midlertidig i frå. Totalt sett vil me nok framover forvente lågare prisar for torskefisken i fyrstehandsomsetninga. 

 

For pelagisk fisk er situasjonen noko annleis, og vil truleg klare seg rimeleg bra i denne uverkelege situasjonen verda står over for.