Doblar tobis-kvoterådet til 25o ooo tonn
Historisk sterk rekruttering, framleis mykje av dei eldre fiskane og god mattilgang i Nordsjøen har gitt rekordhøge målingar av tobis. Det er årsakene til at Havforskingsinstituttet doblar kvoterådet, skriv Havforskingsinstituttet på si nettside.
I det endelege kvoterådet for tobis rår Havforskingsinstituttet til eit fiske på opptil 250 000 tonn basert på dagens haustingsregel. Det er nøyaktig det dobbelte av fjorårets kvoteråd. Årets førebelse kvoteråd var på 110 000 tonn.
HI rår til at underområda 1a, 1c, 2b, 2c,3b,3c, 4a (sjå kart) blir verande opne i perioden 15. april – 23. juni.
Les nyheitssaka til Havforskingsinstuttet.
Les toktrapporten bak kvoterådet.
Les også;