Bygger nytt snurrevadfartøy i Danmark
Reiar Kjell-Gunnar Hoddevik og partnarane Johnny Årvik og Jan-Ove Langeland har bestilt eit nytt snurrevadfartøy, Polarbris, frå Karstensens Skibsværft A/S i Danmark. Det nye fartøyet blir 43,50 meter langt.
11 okt 2021
Nye Polarbris skal leverast i august 2023, og får det nyaste innan maskineri, utstyr og utrusting, skriv verftet i ei pressemelding. Skroget blir bygd ved verftet si avdeling i Polen.

Polarbris, illustrasjon Karstensens Skibsværft AS.
Polarbris AS er eit dotterselskap under Atlantic Seafish AS som også omfattar Atlantic Longline AS, som i dag driv det kombinerte line- og snurrevadfartøyet Atlantic.
Reiarlaget har i dag dobbelt kvotesett og det er difor naudsynt med eit fartøy i tillegg til Atlantic.
Karstensens Skibsværft har dei siste åra bygd ei rekke med norske fiskefartøy. I dag har verfet 14 fartøy som skal leverast i løpet av dei neste par åra.
Fakta om fartøyet:
Lengde 43,50 m
Breidde 11,50 m
Djupns shelterdekk 6,60 m