Ekspedisjonssjef Vidar Landmark i Nærings- og fiskeridepartementet ga ei orientering om moglege utfall av Brexit på det som er blitt eit årleg medlemsmøte for den pelagiske flåten.

- Det er sjeldan eg går på talarstolen utan å vite korleis eg skal fylle tida, men det gjer eg no, sa Landmark, til dei rundt 70 Fiskebåtmedlemmane. Men for deltakarane på Fiskebåt sitt medlemsmøte hadde han likevel ein god del nyttig informasjon å kome med i samband med Brexit.

 

Stor interesse og godt oppmøte på Fiskebåt sitt medlemsmøte på Gardermoen. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).

 

Utsett

Britane skulle etter planen forlate EU den 30. mars, men på grunn av stor indrepolitisk usemje har dette blitt utsett i første omgang til 12. april. Blir det då ein såkalla «hard Brexit», altså at Storbritannia forlet EU utan ei avtale vil det by på ein del praktiske utfordringar.

 

- Viss norske båtar er i britisk sone på det tidspunktet må dei melde seg ut av EU-sona klokka 22 på kvelden, stanse fisket og melde seg inn igjen i britisk sone klokka 01 den 12. april - tidene er GMT. Dette er viktig for vi vil helst unngå at den første arresterte båten i britisk sone er norsk, sa Landmark.

 

Seks bestandar

Norge har seks bestandar som blir fiska i den noverande EU-sona. I utgangspunktet er det meste på plass frå norsk side i samband med ei utmelding.

- Vi håpar dette skal gå mest mogleg smertefritt og er mellom anna einige med britane om at det som er avtalt mellom Norge og EU skal gjelde for heile 2019, seier Landmark.

Han oppmodar fiskarane om å sjekke med Fiskeridirektoratet viss det oppstår problem av noko slag. Frå norsk side er det mykje som skal endrast i forhold til reguleringar og forskrifter, utan at det kjem større endringar på realitetane i fisket.

 

Meir enn Brexit

Deltakarane på medlemsmøtet fekk også med seg meir enn Brexit. Geir Huse og Are Salthaug frå Havforskingsinstituttet kom med siste nytt frå lodde- og sildetokta siste året. I tillegg var det oppdatering på kvotestabilitet ved Ida O. Faageng (Fiskeridirektoratet), orientering om omsettingsssituasjonen ved Knut Torgnes (Sildesalslaget) og orientering frå adm.dir. Audun Maråk om politiske aktualitetar som regjeringa sitt arbeid med nytt kvotesystem og den gåande debatten om ressursrente. Ressursforskar i Fiskebåt, Gjert Dingsør, orienterte også om metoderevisjon for makrell.