Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) kjem til årsmøtet for å snakke om regjeringa sin fiskeripolitikk, men lite tyder på at han der vil legge fram regjeringa sitt forslag til ny kvotemelding på dette møtet. Det er sagt at kvotemeldinga skal leggast fram for stortinget i løpet av våren.

 

Sameksistens

I tillegg til fiskeriministeren kjem statssekretær i Elisabeth Sæther (Ap) i Olje- og energidepartementet for å snakke om sameksistens mellom etablerte og nye næringar i havromet. I denne bolken blir det også innlegg frå rådgivar Hanna Bauge i Fiskebåt og  Fredrik Myhre, leiar for havteamet i WWF.

Det tredje temaet på første dag av årsmøtet er havforsking. Her blir det først eit innlegg om Havforskingsinstituttet sine økonomiske rammer og prioriteringar ved direktør Nils Gunnar Kvamstø ved Havforskingsinstituttet, og ei orientering om kvoteutsiktene i Nordaust-Atlanteren ved fagdirektør Geir Huse.

 

Framtidig organisering

Den andre dagen av årsmøtet er sett av til ei drøfting rundt fiskebåt si organisering, i tillegg til ordinære årsmøtesaker.

Årsmøtet blir det første fysiske etter pandemien. Årsmøtene i 2021 og 2022 ble gjennomført som digitale møte.