Det er fleire organisasjonar innan fiskerinæringa som står bak arrangementet som i år samlar nesten 1500 deltakarar frå Sunnmøre og Romsdal. 

- Fiskaryrket har blitt svært populært, men samtidig er det få som veit så mykje om det. Difor samlar vi ungdomar for å fortelje dei litt om kva dette går ut på. Påmeldinga viser at dette er populært og at interessa er stor, seier Odd Kristian Dahle, informasjonsleiar i organisasjonen Fiskebåt, som organiserer den havgåande fiskeflåten.

 

Les også; Lærling med stort ansvar

 

Samla næring

Fiskebåt, Fiskarlaget, Surofi og Marint kompetansesenter står samla bak satsinga som trekkjer til seg 10.-klassingar frå heile fylket

- Dette er utan tvil ei viktig målgruppe med tanke på rekruttering til næringa og det er mange vegar fram, enten ein vel den praktiske eller teoretiske vegen, seier Dahle.

 

Konkurranse


Opplegget er nokså likt frå år til år. Først får ungdomane ein liten smakebit på kva det inneber å ha eit yrke på sjøen. Deretter får dei møte litt eldre ungdomar som har valt fiskeri som yrkesveg, før det blir Kahoot-konkurranse mellom dei forskjellige skulane. Premien er kr. 10 000 til klassa som vinn.

 

Amanda Tenfjord

For fjerde året på rad vil artisten Amanda Tenfjord stå for underhaldninga.