Noreg og Storbritannia einige om makrellavtale for 2023
- Eg er svært glad for at Noreg og Storbritannia har blitt einige om ein avtale om forvalting av makrell for 2023, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap). Makrell er økonomisk sett ein viktig bestand for Noreg, og ligg som nummer to etter torsken. Alt i alt vil norsk kvote for 2023 bli på 245 688 tonn etter kvotebytte og overføringar frå 2022.