- I første omgang skal vi greie ut konsekvensane av å bruke ammoniakk som drivstoff for fiskeflåten, men truleg snakkar vi om mellom tre til seks  år fram i tid før vi kan rekne med å ha gode løysingar, seier driftsdirektør Ronny Vågsholm i Lerøy Havfisk AS.

Lerøy Havfisk AS er eit dotterselskap i Lerøy Seafood Group som har ambisjonar om å redusere utsleppa av klimagassar med 46 prosent innan 2030. Selskapet har i dag 10 fiskefartøy.

- Det hastar med å finne gode løysingar for å redusere utsleppa av klimagassar. Vi har difor slutta oss til Grønt Skipsfartsprogram, i lag med mellom andre Fiskebåt, for å kartlegge kva som er mogleg å få til. Piloten der Stein Oksnes og Ronny Vågsholm er med frå Lerøy Havfisk AS, skal vurdere ammoniakk som energikilde og er delt inn i fleire arbeidspakkar, der vi også skal ta med erfaringane frå andre klimaprosjekt i fiskeflåten. Resultata av dette arbeidet vil gå på tvers av næringa, og gi god innsikt om korleis kursen bør stakast ut og justerast framover. Vi håpar difor at dette prosjektet vil gi oss ny kunnskap som kan føre til at vi gjer sikrare val i framtida, både for oss og for andre som er i same situasjon, seier Vågsholm.

 

Ronny Vågsholm, driftsdirektør i Lerøy Havfisk AS. Foto: Lerøy Havfisk.

 

Fleire tema som skal vurderast

I prosjektet skal ein sjå på fleire tema, som mellom anna om korleis ei omlegging vil virke inn på dagens driftsmønster, om dette eventuelt kan endrast, og kva konsekvensar det fører med seg. Vidare vil det bli sett på design i forhold til utfordringar med utforming av tankar, røyr og tryggleik. Ammoniakk er ein ekstremt giftig gass, så tryggleiken for å hindre lekkasjar er viktig. Store drivstofftankar vil også føre til at fartøyet vil bli større enn det elles ville blitt. Grovt sett ser ein for seg ei betydeleg auke i storleiken av fartøya med dei sannsynlege alternativa for energikilder som føreligg i dag. Større fartøy er ikkje ønskeleg, men må sjølvsagt takast opp til vurdering. Håpet er at dette arbeidet også kan bli forløparen til at det kjem opp altenative energiløysningar som krev mindre plass i framtida.

 

Fleire typar drivstoff

I forhold til det motortekniske viser Vågsholm til at det allereie er sett i gang testing av motorar som kan gå på fleire typar drivstoff, deriblant ammoniakk – såkalla «dual fuel-løysingar». Førebels er det likevel alt for tidleg å seie noko om korleis dette vil fungere i praksis. For Lerøy Havfisk vil det i første omgang vurderast å finne løysingar der ein kan kombinere LNG (flytande naturgass), metanol og andre framtidige energikilder.

- Det er ein del erfaringar med å bruke LNG, men det har også sine utfordringar i den daglege drifta, ikkje minst i forhold til løysingar for tilgjengelegheit, så med det vi veit i dag er ikkje dette den gitte løysinga for oss, seier Vågsholm.

 

Berekraft er viktig

Fiskeflåten har dei siste åra gjort ei rekke tiltak for å redusere utsleppa av klimagassar og anna forureining. Med støtte frå NOx-fondet er det gjennomført ei rekke tiltak både på nye fartøy og eksisterande flåte.

- Vi har gjort det vi kan gjere for å redusere utsleppa av NOx og SOx, så fiskeflåten er på offensiven med å ta i bruk ny miljøteknologi. Samtidig må vi løfte blikket utover det reint teknologiske. Vi kan truleg oppnå enda raskare reduksjon av dei samla utsleppa av klimagassar med å sjå på fiskeripolitikken. Større fleksibilitet på uttak av kvotar og bruk av reiskap. For torsketrålarane vil til dømes eit generelt løyve til å bruke flytetrål kunne føre til ein kraftig reduksjon i bruk av drivstoff. Det er nok ikkje aktuelt å slutte med botntrål, men vi kan bruke flytetrål meir enn vi gjer i dag. Større fleksibilitet på uttak av kvotene er prøvd ut og har gitt gode resultat. For flåten handlar dette om å legge opp driftsmønsteret på ein meir effektiv og energi-økonomisk betre måte, seier Vågsholm.

 

Les også;

Gode støtteordningar er avgjerande

Loran satsar på hydrogen som drivstoff

- Vi ville bygge verdas mest miljøvenlege fiskefartøy

Nye Selvåg Senior reduserer klimagassutsleppa med 42 prosent

Verdas første fiskebåt på LNG

 

Les meir om Grønt Skipsfartsprogram