Visjon og verdiar

 

Fiskebåt er ein interesse- og arbeidsgivarorganisasjon for den norske havgåande fiskeflåten, og representerer majoriteten av dei havgåande fiskefartøya.

Fiskebåt jobbar for å ivareta fiskarane sine interesser innafor fleire område både nasjonalt og globalt. Organisasjonen blei stifta i 1946 under namnet Fiskebåtredernes Forbund. I 2013 blei namnet endra til Fiskebåt.

 

Arbeidsområde

Fiskebåt jobbar for å ivareta fiskarane sine interesser innafor fleire område både nasjonalt og globalt. Praktisk talt alle fiskeslag vi fisker på, blir forvalta saman med andre nasjonar.

Vi brukar difor mykje tid på følgande område;

- Avtalar med andre land om reguleringar og fiske i internasjonalt farvatn.
- Nasjonale reguleringar av fisket.
- Næringsøkonomiske saker (skattar og avgifter osv.)
- Rekruttering til yrka innan den havgåande fiskeflåten
- Fornying av fiskeflåten
- Forsking- og utvikling av næringa
- Tarifforhandlingar med arbeidstakarorganisasjonane (Norsk Sjømannsforbund, Det norske maskinistforbund, Norsk Sjøoffisersforbund)
- Yte hjelp til medlemmane i enkeltsaker, både næringspolitisk og som arbeidsgivar.

 

Den havgående fiskeflåten

Den havgåande fiskeflåten består av 331 fartøy (Kilde: Fiskeridirektoratet/2019). Dei viktigaste gruppene er ringnotfartøy, sei- og torsketrålarar, garn- og linefartøy, reketrålarar og industritrålarar. I tillegg utgjer gruppa Stor kyst ein vesentleg del av medlemsmassen i Fiskebåt. I Norge er det om lag 10 000 personar som hentar si hovudinntekt frå fiske. Av desse arbeider over 4000 i havfiskeflåten.

Den havgåande fiskeflåten står for vel 70 av førstehandsverdien av fangstar som norske fiskefartøy bringer på land.

 

Kvoteregulert fiske

Så godt som alle fiskeslag som blir beskatta av den havgåande fiskeflåten er regulert ved kvotar. I tillegg er fangstkapasiteten styrt gjennom konsesjonssystemet og adgangsreguleringer.

 

Heilårsdrift

Havfiskeria er heilårige. Dette inneber at den havgåande fiskeflåten spreier sin aktivitet utover året, med sikte på å halde fartøyet i drift så mange dagar som kvotane gir rom for. Den havgåande fiskeflåten er ikkje prisgitt korleis fisken vandrar i same grad som kystflåten. Mange fiskeslag vandrar heller ikkje inn til kysten for å gyte, slik at kystflåten kan fiske den.

Den havgåande fiskeflåten er dermed den einaste garantist for å sikre den norske foredlingsindustrien stabile og kontinuerlege tilførslar av råstoff. Dei fleste av mannskapa i den havgåande fiskeflåten er busette i distrikts-Norge, og er på den måten ein viktig bidragsytar til å sikre busetting og sysselsetting langs heile norskekysten.

 

Høyteknologisk flåte

Den norske havfiskeflåten er blant verdas fremste innan fiskeriteknologi og fartøyutforming. Denne utviklinga har skjedd i nært samarbeid mellom reiarlaga, skipskonsulentane, utstyrsleverandørane og verftsindustrien. I kraft av si rolle som krevande kunde har reiaranee medverka til å bringe den norske maritime industrien opp i eliteserien. Utan ei vidare fornying og utvikling av den norske fiskeflåten, vil norsk maritim industri miste eit av sine viktigaste konkurransefortrinn.

 

Opererer i mange område

Den havgåande fiskeflåten fiskar i alle delar av den norske økonomiske sonen, i Jan Mayen sonen, rundt Svalbard, i russisk sone, ved Island, Grønland, i EU-sona og Færøyane si økonomiske sone og i øvrige delar av Nordsjøen, i tillegg til internasjonale havområde i Norskehavet, midt-Atlanterhavet og det nordvestlege Atlanterhav. Alt fiske er regulert gjennom internasjonale avtalar. 

Gjennom sin mobilitet og fangstevne skaffa den havgåande fiskeflåten råstoffverdiar til Norge for rundt 10 milliardar kroner (2019: Fiskeridirektoratet), og la grunnlaget for fleirdobla verdiskaping gjennom foredling og eksport. Den havgåande fiskeflåten er ryggraden i norsk fiskerinæring, og har evne til å auke Norge si avkastning av fiskeria ytterlegare.

 

Viktige miljøsaker

Visjonen til Fiskebåt (over) forpliktar organisasjonen til å ha eit langsiktig perspektiv på alt vi driv med. Globale miljøutfordringar som forureining av havet, plastproblemtatikken og klimaendringar, er saker som vi kontinuerleg jobbar med.

I 2017 blei det, etter initiativ frå Fiskeflåten, utarbeida eit klimaveikart for fiskeflåten. Norge har gjennom Paris-avtalen forplikta seg til å redusere dei nasonale klimagassutsleppa med 40 prosent innan 2030, samanlikna med 2005. Fiskeflåten skal ta sin del av dette, og har allereie gode resultat å vise til.

Som ei forlenging av klimaveikartet, er Fiskebåt partnar i Grønt Kystfartsprogram, der det blir det jobba med tiltak som er med å utvikle ein meir energieffektiv fiskeflåte. I rapporten Tiltak for reduksjon av klimagassutslipp fra fiskeflåten, blir det vist til fleire tiltak som kan vere med å redusere utslepp av klimagassar ytterlegare. Fiskebåt er også tilnytta Næringslivets NOx-fond. Fondet er eit spleiselag der bedriftene som er med kan søke om støtte til tiltak for å redusere utslepp.

Meir om Grønt Kystfartsprogram

Grønt Kystfartsprogram er eit samarbeid mellom næringsaktørar og norske styresmakter der målet er å lage skalerbare løysingar for effektiv og miljøvenleg skipsfart. Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon har ambisjon om å redusere utsleppa av klimagassar frå fiskeflåten med minst 40 prosent i perioden 2005 til 2030.

 

Aktuelle rapportar

 

Veien fram mot 2030 - brosjyre for Grønt Kystfartsprogram

 

Tiltak for reduksjon av klimagassutslipp fra fiskeflåten

 

Klimaveikart for norsk fiskeflåte

Kartlegging av tiltak for å redusere CO2-utslipp fra fiskeflåten


 

Om fisket

Så godt som alle fiskeslag som blir fiska på er regulert gjennom kvotar. I tillegg er fangskapasiteten styrt gjennom konsesjonssystemet. Den havgåande fiskeflåten er difor godt tilpassa ressursgrunnlaget. Det blir fiska på mange forskjellige artar gjennom heile året.

Du kan lese meir om dei forskjellige fiskeartane her(ekstern lenke).

 

Bli med på linefiske i Barentshavet med Atlantic.

 

Søstrene Sara og Marie Hoddevik har sommarjobb ombord i Atlantic. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

Mange fiskeslag vandrar store delar av året. Kystflåten kan drive fiske, når artane er nær kysten, medan havfiskeflåten kan fiske på dei same artane når dei er i havet. På den måten er den havgåande fiskeflåten med å sikre heilårleg drift ved foredlingsbedrifter langs kysten. I tillegg er mannskapet i den havgåande fiskefltåen busette i kyst-Norge, og er dermed viktige bidragsytarar til både busetting og sysselsettning.

Store havområde

Fisket foregår i fleire havområde. Det meste skjer i norsk økonomisk sone, i Jan Mayen-sona, rundt Svalbard, russisk sone, ved Island, Grønland og i EU og Færøyane sine økonomiske soner. I tillegg blir det drive fiske i internasjonale havområde i Norskehavet, midt-Atlanterhavet og det nordvestlege Atlanterhavet. Fisket i internasjonale farvatn, er regulert gjennom internasjonale avtalar.

 

Les også;

Styre og administrasjon

Presse

Fiskebåt sitt miljøengasjement

Visjon og verdiar

Årsrapportar frå Fiskebåt

Årsmøte samleside