Vil kreve inn ny fiskeriavgift
Finansminsiter Jan Tore Sanner (H) vil kreve inn ei ny fiskeriavgift. Finansdepartementet har no sendt ut høyringsdokumenta for ei ny avgift for «viltlevande marine ressursar». Dette er ei såkalla «fiskal avgift», som betyr at den ikkje har anna mål enn å gi staten inntekter.
Avgifta blei foreslått av regjeringa i kvotemeldinga og blei der sett til ei årleg avgift på 100 millionar kroner per år. No er høyringsdokumenta sendt ut, der det kjem fram at avgifta er foreslått å gjelde allereie frå 1. juli i år.
I forslaget frå Finansdepartementet går det fram at det er Stortinget gjennom sine årlege budsjettvedtak avgjer storleiken på avgifta. Vidare går det fram at avgifta berre skal omfatte norskregistrerte fartøy.
Fristen for å sende inn innspel til høyringa er 18. mars 2021, og Fiskebåt kjem naturleg nok til å følge opp dette.