- Fangstprøvelotteriet er eit unikt system for innhenting av fangstprøvar. Ein modifikasjon av programvara for elektronisk fangstdagbok om bord (utført av leverandørane av fangstdagbok) og tilpassingar av programvare ved Fiskeridirektoratet og ved HI, gjer det mogleg å utføre loddtrekkinga på fiskefartøyet rett etter at fangsten er teken om bord, skriv fagdirektør Geir Huse på HI si nettside. 

I artikkelen peikar han på kor viktig bidrag dette er til forskinga. Sjølv om forskarane berre gjere seg nytt av nokre få prøver treng dei mange å ta av, nettopp for at prøvene skal vere tilfeldig utvalte av eit størst mogleg utval. På den måten får ein eit best mogleg representativt utval av fiskeria.

Her kan du lese heile artikkelen.