Onsdag neste veke skal fiskeriminister Harald Tom Nesvik møte fiskerinæringa for å diskutere Brexit og frihandelsavtalar. Det skriv Fiskeridepartementet i ei pressemelding. 

- I ei tid med Brexit og auka proteksjonisme blir god marknadstilgang og handelsavtalar stadig viktigare, ikkje minst for sjømatnæringa. Regjeringa sitt mål er å styrke Norge som sjømatnasjon og sikre norske produkt god tilgang til marknadane, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.

I fjor eksporterte Norge sjømat for 99 milliardar kroner til 146 land. I løpet av dei ti siste åra har verdien av norsk sjømateksport auka med 122 prosent.

Fiskeriministeren har invitert representantar frå næringsorganisasjonane i fiskeri- og havbruksnæringa, Sjømatrådet og LO til eit årleg møte om marknadstilgang. Målet er å orientere om regjeringa sitt arbeid med sjømathandel, og å få innspel frå næringa.

Dagsorden for møtet:

  • Brexit 
  • Marknadsstilgang til Kina.
  • Marknadstilgang til EU.
  • Marknadstilgang til andre marknader, inkludert Brasil og Indonesia.
  • USA – Seafood Import Monitoring Program og Marine Mammals Protection Act.
  • Orientering om bilaterale- og EFTA-forhandlingar som er i gong, nye prosessar, deriblant Kosovo, Moldova og ønska oppstart av forhandlingar med Japan.