Det meste har gått etter planen, seier Bjarne Haldorsen, adm.dir. i Liegruppen på Sotra utafor Bergen. Då ser han litt stort på at heile prosessen er om lag eit år forseinka.

- Ja, covid-19 har ført til ein del utfordringar for verftet og gjort det vanskeleg for montørar frå både Norge og andre land til å kome til Tyrkia, men no gler vi oss til å kome i gang med fiske, seier Haldorsen.

 

Klar for prøvefiske

Planen er no å kome i gang med litt prøvefiske i løpet av påska, så blir det å prøve seg på kolmule eller tobis.

Det 86 meter lange fartøyet er bygd for framtida med ei rekke nye tekniske løysingar. Det viktigaste er likevel miljøgevinsten reiarlaget reknar med å få med å bruke gass som drivstoff i kombinasjon med ein stor batteripakke.

- Vi reduserer CO2-utsleppa med 25 prosent i forhold til om vi hadde brukt diesel. I tillegg kjem vi til å blande inn biogass, og då snakkar vi om ein reduksjon i CO2 på heile 50 prosent. Den aller største gevinsten er likevel at vi reduserer NOx-utsleppa med heile 85 prosent, seier Haldorsen.

 

Først ut med gass som drivstoff

Libas er som nevnt det første fiskefartøyet som tar i bruk gass. Allereie i 2018 blei den vinnar av Innovasjonsprisen på Nor-Fishing. I dag er også to andre ringnotfartøy under bygging, som skal ta i bruk denne teknolgien. Det er Sunny Lady og Selvåg Senior, som begge skal byggast ved det same verftet i Tyrkia.

Ei utfordring med å bruke gass er at ein må bunkre relativt ofte, men dette har reiarlaget lagt ein plan for.

- Vi har avtale med Gassnor som har fleire anlegg langs kysten. I tillegg kan dei levere både på bil og med eigne bunkringsfartøy om ønskeleg. Så eg reknar med at det ikkje skal bli noko problem, seier Haldorsen.

 

Avgrensa feiring

Libas starta turen heim frå Tyrkia 11. mars. Normalt ville det vore open båt og stor feiring med då, men på grunn av korona-situasjonen blir det berre ei lita markering i denne om gang.