- Dette var både eit nyttig og interessant møte, sa Melby, etter det halvanna time lange møtet der ho fekk høyre om fiskeflåten si tilnærming til både klimaproblematikken og EØS-avtalen.

Assisterande direktør i Fiskebåt, Jan Ivar Maråk, viste til at fiskerinæringa er offensive i forhold til å kutte utslepp, men at det ikkje føreligg enkle og raske løysingar.

- Per i dag er det ikkje alternative energikilder til fossilt drivstoff for store delar av fiskeflåten, så det er snakk om at vi gå mange små steg før vi kan få store gevinstar, sa Maråk.

 

Venstretoppane møtte fiskerinæringa. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

 

Tore Roaldsnes i Bluewild, viste til sitt nye prosjekt der målet er å klargjere reiarlaget for framtidige energibærarar enten det er snakk om ammoniakk, hydrogen eller biodrivstoff.

- Det er mogleg å redusere utsleppa frå fiskerinæringa, men må vi ha internasjonale avtalar, slik at det blir like vilkår for alle, sa Roaldsnes.

 

Like rammevilkår

Jon Grimstad i Strand-reiarlaget var også innom at like rammevilkår internasjonalt er ein viktig premiss, og at ein må sjå på heilskapen.

- Det er ei jordklode vi skal berge - ikkje ein avtale. Vi må difor forholde oss til kva andre konkurrerande land gjer, og gjerne påverke dei i positiv retning. Viss alle får dei same pålegga vil effekten vise seg i marknaden og konkurransevilkåra blir like, sa Grimstad.

 

Galskap å seie opp EØS-avtalen

Sveinung Flem i SUROFI deltok på møtet for å snakke om verdien av gode handelsavtalar. Ikkje minst EØS-avtalen er viktig for Norge påpeika Flem og retta ein peikepinn mot dei som snakkar om å seie opp heile avtalen.

- Det vil vere galskap å seie opp EØS-avtalen for å prøve å forhandle fram ein betre avtale. Der er nok ein del som kan betrast, men det er langt derifrå til å sette heile avtalen i spel, sa Flem.

 

Viktig avtale

Han viste mellom anna til veterinæravtalen som fører til at fiskeeksporten gå saumlaust mellom landa utan forseinkande grensekontrollar.

- Dette er svært verdifullt i form av enklare byråkrati, så eg er rett og slett forundra over nokon parti i det heile stiller spørsmål med EØS-avtalen, sa Flem.

I forhold til Storbritannia manglar Norge ein veterinæravtale etter at britane valte å gå ut av EU. 

-Dette må på plass før det blir snakk om eksport av store mengder fersk fisk til vinteren.