- Skal vi henge med, så har vi ikkje anna val enn at vi må satse. Det er dyrt med nye båtar og prisane har stige kraftig sidan vi fekk den siste båten. Samtidig ser vi at det er vanskeleg å få tak i brukte båtar, og at prisane på brukte båtar også er aukande, seier Henning Veibust, dagleg leiar i Veibust Fiskeriselskap.

 

Henning Veibust på brua til Havskjer som blei levert i januar 2021. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

 

I januar i fjor fekk han levert snurparen Havskjer, som også blei bygd ved Karstensens Skipsverft i Skagen i Danmark.

 

Les også;

Havskjer: Klar for loddefiske ved Island

 

Veibust Fiskeriselskap har no tre konsesjonar og Havfisk blir reiarlaget sitt fjerde nybygg etter at reiarlaget blei etablert i 1993. Reiarlaget driv med kombinert trål og notfiske, der trålinga i hovudsak er på kolmule vest for Irland. Øvrig fiskeri er primært notfiske etter sild og makrell. 

Reiarlag og verft har dei seinare åra samarbeida tett om fleire større prosjekt. Først var det ombygging av Havstål til kombinert not- og trålfiske, og seinare installering av NOx-reinsing,  og så var det bygging av Havskjer som blei levert i fjor.

 

Ny teknologi

Nybygget får det fremste innan ny teknologi og det er også lagt vekt på gode arbeidsforhold for mannskapet. Havfisk vil på same måten som Havskjer ha heile lastedekket under tak.

- I tillegg er det lagt mykje arbeid i å få ei mest mogleg optimal skrogutforming og ein baug som gjer at båten fungerer optimalt i forhold til driftsprofilen. Havfisk vil også få den nyaste Wartsila-motoren som gjer at vi kan gå diesel-elektrisk, seier Veibust.

Medan ein del andre innan ringnot har satsa på LNG (gass) som drivstoff, trur ikkje Veibust at dette er vegen å gå.

- Nei, eg har meir tru på andre løysingar, som vi her legg opp til med betre skrogutforming, energieffektive motarar, varmegjenvinning, LED-lys overalt og sjølvsagt med full NOx-reinsing, seier Veibust.

 

Mange lokale underleverandørar

Eit nybygg til nesten 400 millionar kroner genererer også mange underleverandørar. Her kan blant anna nevnast Brunvoll, Nogva, PTG Frio Nordica og C-Flow.

- Eg er glad for at vi skal bruke mange norske og mange lokale bedrifter i nærmiljøet, så sjølv om båten blir bygd i Danmark vil den gi store ringverknader her på nordvestlandet også, seier Veibust.

 

Fakta om nye Havfisk

Lengde overalt           75,10 m

Breidde moulded        16,20 m

Dybde øverste dekk   11,25 m

 

Havfisk skal leverast i februar 2024 og vil koste 375 millionar norske kroner.

 

Tekniske data:

Hovudmotor                            Wartsila 8V31, 5200 kW

Hjelpemotorar                       3 x Scania DI16, 600 kWe

RSW-anlegg                           PTF Frio Nordica, 2 x 1500 kW

Winsj anlæg                            Karmøy Winch

Sidepropellar                          Brunvoll, 2 x 1400 kW

Vakuum anlegg                      4 x 87 kW / 2 x 4200 l tank