Varsling av korona-smitte på fiskefartøy
Fiskebåt etterlyser retningslinjer for korleis reiarlaga, redningstenesta, helsevesenet og hamnene skal handtere eventuelle smittetilfelle om bord i norske fiskefartøy. I eit brev til Helsedirektoratet blir det reist spørsmål kring fleire problemstillingar.
2 apr 2020
Brevet gjekk også med kopi til Kystverket som er blant instansane som skal varslast ved mistanke om smitte. I eit svar frå Kystverket går det fram at det først og fremst er kommunelegen som skal varslast. Det er Kystverket som gjer det etter den såkalla IHR (internasjonale smittevernforskrifta). Poenget med denne varslinga er å opprette kontakt mellom fartøy og aktuelt helsepersonell for ytterlegare avklaringar.
I tillegg til varslingsrutinar etterlyser Fiskebåt informasjon blant anna rundt kva ein kan vente seg av redningstenest i slike situasjonar og kva krav det blir stilt for å desinfisere fartøyet.