Ifølge Vestre er usikre tider dårleg nytt for rekenæringa.

- Pilla reker er ofte garnityren til eit måltid, og det er difor lettare å kutte ned på den enn på resten av retten, sa Vestre til dei rundt 30 fiskebåt reiarane som deltok på Fiskebåt sitt årlege rekemøte i Ålesund torsdag.

 

Høge prisar på råstoff

Christian Nordahl i konkurrenten Stella Polaris var innom det same i sitt innlegg.

- Koronapandemien fekk særleg alvorlege følgjer for HORECA-marknaden (hotell, restaurant og catering) og dermed også for omsettinga av reker. På slutten av fjoråret såg det ut til å betre seg, men veksten dabba av igjen då omicron-varianten av koronaviruset dukka opp, sa Norddal.

Han peika også på at høge prisar på råstoffet og ugunstige valutakursar har hatt negative følgjer.

- Den største usikkerheita framover blir likevel kva følgjer krigen i Ukraina vil få, sa Nordahl.

 

Forvaltning av rekebestanden

Berekraft og miljøsertifisering kan vise seg å bli viktige faktorar framover, der dei arktiske rekene kan skille seg frå andre reker frå andre stader i verda. Næringa er difor opptatt av å få på plass eit system for å dokumentere dette.

Det har sidan 2012 vore arbeid med å få på plass ein forvaltingsplan for rekebestanden i Barentshavet. Dette er noko Fiskebåt også ønskar seg.

- Vi ser helst at vi får på plass ein haustingsregel som regulerer totalkvoten, og som tilfredsstiller krava til MSC-sertifikatet, seier Jan Ivar Maråk, assisterande direktør i Fiskebåt. 

Han viste til at slik rekefisket foregår no, så er det langt igjen før ein får tatt ut totalkvoten.