Riksrevisjonen la i dag fram sin rapport for Stortinget, der det mellom anna blir vist til at det har  blitt færre og større fiskefartøy i perioden 2004 til 2018 som Riksrevisjonen har tatt for seg.

- Sjølv om det er blitt færre og større fartøy både i kyst- og havfiskeflåten har ressursfordelinga mellom dei ulike flåtegruppene ligge fast. Eg merkar meg elles at Riksrevisjonen er kritisk til dei endringane i fartøylengde og lastekapasitet som fann stad i kystflåten i 2008, og at desse burde vore betre konsekvensugreia. Men også desse endringane var politisk forankra i dåverande regjering som besto av Ap, Sp og SV. I tillegg hadde dei støtte frå resten av Stortinget i denne endringa, seier Maråk.

 

Auka aktivitet

Han viser til at sjølv om fiskeriaktiviteten er redusert i enkelte kystsamfunn er det store bildet ein auka aktivitet og auka positivet langs heile kysten. 

- Lønsemda i fiskeria er ein viktig faktor for denne positive utviklinga, seier Maråk.

Maråk støttar Riksrevisjonen i at det bør innførast avgrensingar i eigarskap også i kystflåten.

- I den havgåande fiskeflåten har vi att avgrensingar i eigarkonsentrasjonen i mange år. Når det er sagt, så har både regjering og Storting gått lengre i å tillate eigarkonsentrasjonar i den havgåande fiskeflåten enn det Fiskebåt har tilrådd, seier Maråk.

 

Frå subsidiar til lønsam eksportnæring

Maråk presiserer også at fiskerinæringa har gått frå å vere subsidiert, til å bli ei lønsam og attraktiv næring som kan møte framtidas utfordringar offensivt, takka vere eit godt samarbeid mellom styresmakter og næringa. 

- Denne positive utviklinga som har vore breidt politisk forankra er det viktig å ta med seg når ein vurderer rapporten frå Riksrevisjonen. At enkelte forhold kunne vore betre utgreia endrar ikkje på den konklusjonen, seier Maråk.

 

Her kan du lese rapporten frå Riksrevisjonen.

Les også; Riksrevisjonen: - Fiskeriaktiviteten redusert i flere kystsamfunn