Fiskarar som er tilsette i eit reiarlag må i dag levere to sjukemeldingar – ei sjukemelding som tilsett for utbetaling av hyre, og ei sjukemelding som sjølvstendig næringsdrivande for utbetaling av lott. Tilsvarande må det leverast to inntektsmeldingar.

- Problemet er at både hyre og lott blir utbetalt av reiarlaget. Mange opplever det difor som unaturleg, vanskeleg å tidkrevande at ein då må fylle ut eit skjema som sjølvstendig næringsdrivande for ei inntekt som dei faktisk får utbetalt av arbeidsgivar, skriv Fiskebåt i eit brev til NAV.

 

Enklare system

Fiskebåt ber NAV om å ta tak i dette og utarbeide eit nytt elektronisk system for fiskarar som skal levere sjukemelding. Dette kan til dømes vere eit eige søknadsskjema og inntektsmeldingsskjema som er tilpassa for dei som driv fiske og fangst.

- Vi har fått tilbakemelding frå reiarlag om at tilsette unngår sjukemeldingar fordi det ser så krevande å levere søknader om dette til NAV, skriv Fiskebåt i brevet til NAV.