Sist veke blei det ifølge Sildesalgslaet tatt 2000 tonn makrell og fangstane er tatt over eit stort område og så langt nord som til 70 graden.

Tidlig mandag morgon ble det meldt inn rundt 1000 tonn fra Libas og Slåtterøy ved grensa til Smutthavet, og berre i løpet av mandagen blei det innrapportert 7000 tonn makrell frå det same området, så held dette fram lovar det godt for makrellfisket som i år er spesielt sidan den norske flåten ikkje har tilgang til britisk sone som følgje av manglande avtale. Storleiken på makrellen er på mellom 310 og 380 gram. 

 

Det byrar å tette seg til med fartøy som jaktar på makrellen. (Skjermdump frå fishfacts.fo).

 

Er du på sjøen? Send oss gjerne bilde og video frå fisket – kontaktinfo finn du her

 

Forskartokt

I månadskiftet juli/august avslutta Havforskingsinstituttet sitt makrell- og økosystemtokt.

Hovudinntrykket frå toktet er at fangstane er langt mindre i år enn i fjor. Ifølge toktleiar Lef Nøttestad er det ingen ting som tyder på at makrellen har vandra inn og beite i Barentshavet.

Det var fartøya Eros og Vendla som blei brukt under toktet. Totalt utførte dei to norske fartøya 145 standardiserte 30-min trålhal med om lag fem knop tauefart i de øvste vassmassane.

Tyngdepunktet av makrellen i år fann forskarane lenger sør i Norskehavet og yngre makrell i Nordsjøen.