- Spennande jakt etter makrellen
- Noko av det kjekkaste med å jobbe som styrmann er jakta. Når vi kjem inn i modus for å finne makrellen og gjer oss klar til å kaste nota. Spenninga rundt dette er absolutt det beste, seier Alexander Nygård, styrmann på Strand Senior.
26 nov 2021
Han elskar jobben som styrmann på ringnotfartøyet Strand Senior. Ein jobb han har hatt sidan 2015.
- Ingen dagar er like. Innemellom kan det vere hardt arbeid, men det er samtidig veldig givande å jobbe om bord her, seier Nygård.
Sjå videoen der Alexander Nygård fortel om jobben sin