Fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen hadde fått med seg ei åttande klasse ved Skarbøvik ungdomskule, for å teste ut den ny installasjonen som skal vere med å auke kunnskapane om marin forsøpling.

«Havhelten», som installasjonen heiter, er plassert ved den store akvarietanken og består av to spel, der det eine er eit digitalt spel med ein berøringsskjerm der folk kan prøve å ta opp tapte teiner frå sjøen, og laste det om bord i Fiskeridirektoratet sitt nye fartøy.

– Dette er verdas beste arena for å drive haldningsskapande arbeid. Her er ein på en måte i havet. Det er enkelt å ta med ungane hit, og det å samarbeide med Atlanterhavsparken har ein veldig stor verdi, sa fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen, då han opna installasjonen.

Fiskebåt, Ålesund kommune og Kystverket var også til stades og hadde korte innleiingar om utfordringane knytt til marin forsøpling.

Installasjonen skal vere permanent på Atlanterhavsparken. I tillegg har Fiskeridirektoratet sett opp ein tilsvarande i Oslo.

 

I det digitale spelet skal du fylle Fiskeridirektoratet sin båt med teiner. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.)

 

  

Kva skal du gjere viss du minstar ei teine eller eit garn? Grønt gir rett svar, medan raudt viser at du har valt feil. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.)

 

Informasjon om at ein kan laste ned "Fritidsfiskeappen", der ein kan melde frå om tape fiskereiskapar. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.)