Denne teksten er henta frå Fiskebåt sin årsrapport for å 2018. Klikk her for å lese fleire spennande saker frå årsrapporten.

Dei siste 30 åra han i lag med tremenningen Kjell Magne Ervik investert fleire titals millionar kroner i dei små bygdene på Stadlandet, og skapt rundt 400 arbeidsplassar. 

Tanken om hotelldrift dukka opp då Selje hotell blei stengt etter ein større brann i 2016. Då blei det brått vanskeleg å finne overnatting i nærleiken. Når alt er ferdig til jul i 2019, med 34 rom og ei lita småbåthamn, vil det vere investert opp mot 60 millionar kroner i hotellet. 

- Vi har ein viss eigeninteresse i dette med tanke på at vi har ein del kundebesøk frå utlandet som treng overnatting. Men like viktig er det at Stad treng eit overnattingstilbod for turistar, seier Stig Tore Ervik.

Nærbutikk

Hotellinvesteringa føyer seg fint inn i rekka av korleis lineskipperen frå Ervika tenkjer. Når noko manglar i bygda, ja, då skaffar han det. Difor har fiskerikonsernet, som han eig i lag med Kjell Magne Ervik, bygd opp eige mekanisk verkstad og nærbutikk. I tillegg til å forsyne innbyggarane med mat og fiskeutstyr, forsyner butikken heile Ervik-flåten med proviant, og har ei årleg omsetting på rundt 10 millionar kroner.

Butikk: Tone Aarsheim er yngste søstra i Ervik-familien og er drivar av nærbutikken. Her i lag med storebror Stig Tore. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).

 

- Utan oss hadde det neppe vore nokon daglegvarebutikk i Ervika. Det er tross alt grenser for kor mykje 70 innbyggarar greier å ete i løpet av eit år. Men det å ha lokale forsyningar av proviant inngår i heile vår forretningstanke. Vi skal bidra til at vi kan ha eit levande lokalsamfunn og at folk skal kunne bu her. Difor støttar vi mange lokale tiltak enten det er idrett, kultur eller nytt orgel i Ervik-kyrkja. Det er vårt bidrag til samfunnet, og ikkje noko skattesystem kunne gjere det same, seier Ervik, med klar adresse til politikarar som vil innføre ressursskatt i fiskerinæringa.

 

Proviantansvarleg: Proviantansvarleg Kristian Dalsbø går gjennom bestillingslistene til ein av Ervik-båtane. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).

Omstridt skatteforslag

Forslaget om å innføre ein slik skatt er omstridt. Både om den skal innførast og eventuelt korleis ei slik ordning skal innrettast, og kven som skal få glede av dei eventuelle skatteinntektene. I ein rapport frå SINTEF Ocean, går det fram at fiskerinæringa er ein stor bidragsytar til samfunnet allereie i dag. I 2017 førte fiskerinæringa til ringverknader for andre næringar for meir enn 37 milliardar kroner. Ifølgje rapporten har næringa hatt ein stabil og positiv vekst som har ført til ein auke i verdiskapinga på 38 prosent i perioden 2014 til 2017. I same periode har talet på årsverk også vokse. Kvart årsverk i fiske og fangst genererer meir enn to årsverk i resten av den fiskeribaserte verdikjeda. I tillegg til dette er fiskerinæringa pålagt ei rekke bindingar som gjer at store delar av innteninga går tilbake til kystkommunane.

 

Hotell: Stig Tore Ervik viser korleis det nye hotellet skal sjå ut når alt er ferdig. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).

Største linereiarlag

Ervik er opptatt av å sikre framtida både for bygda, næringa og eige konsern. Dei har 12 lærlingar i systemet, og er dermed det selskapet i Sogn og fjordane som engasjerer flest lærlingar. Alle dei fire borna hans jobbar i konsernet, og det gjer også dei to sønene til kompanjongen Kjell Magne Ervik som er om bord i kvar sin båt.

- Eg er ikkje så uroa for framtida, men ser det som viktig å få inn yngre folk også på eigarsida. Alle ungane mine har vore på sjøen og kjent sjøsprøyten i ansiktet. Det er viktig for at dei skal forstå kva vi driv med, og kvifor det heile starta. Det er difor kjekt at to av barna til Kjell Magne også har valt eit yrke på sjøen, seier Ervik.

I dag er han engasjert i 30 forskjellige aksjeselskap og har 17 fiskefartøy i flåten, noko han ikkje såg for seg då han starta som skipper på linebåten Bergholm på slutten av 80-talet.

- Vi var nokre kompisar om bord som tenkte det kunne vore artig å starte for oss sjølve, så i 1987 kjøpte eg linebåten Gossingen i lag med tremenningen min Kjell Magne Ervik. Vi betalte seks millionar og døypte den om til Frøyanes. Det var starten, seier Ervik.

 

Delt eigarskap

Så gjekk det slag i slag. I 1992 kjøpte dei linebåten Vågstein for 12 millionar som fekk namnet Frøyanes jr, og i 1996 hadde dei 10 fartøy i flåten. I dag har Ervik-gruppa 10 fartøy som seglar under norsk flagg. Resten er utanlandsregistrerte og fiskar tannfisk i Antarktis (sjå eiga sak).

Dei to slektningane og kameratane har heile vegen eigd halvparten kvar av selskapet, og begge er like patriotiske med tanke på at inntektene skal kome bygda til gode.

- Det er her vi har vakse opp, og det er her vi skal gravleggast, seier Ervik og peikar på gravplassen i Ervika som ligg rett ved strandkanten og vendt vestover mot havet. Reint forretningsmessig ville det nok vore smartare å flytta heile verksemda til Måløy eller Ålesund. Men for oss er ikkje det eit alternativ. Vi vil at verdiane vi skapar skal kome bygda til gode. Såleis håpar vi at Stadlandet også framover skal vere ein attraktiv plass å bu.

 

Eventyret i Antarktis

I tillegg til dei norskregistrerte fiskefartøya driv Ervik Havfiske eit omfattande linefiske i Antarktis.

Linefisket i Sørishavet er på mange måtar nybrotsarbeid. Den store tannfisken er etterspurt vare i store delar av verda, sjølv om den er praktisk talt ukjent i Norge.

- Vi har alltid vore litt eventyrlystne, og engasjementet vårt i Antarktis bygger i stor grad på det. Det er krevande å drive fiske i Antarktis, ikkje minst med tanke på at vi skal ta vare på det sårbare miljøet som er der. I grunnen var det litt tilfeldig at vi kom bort i dette spennande fiskeriet, fortel Ervik.

 

Tre lisensar

I 1999 når dei hadde byd opp ein solid norsk lineflåte blei han kontakta av ein fransk skipsmeklar, som trengte folk med kunnskapar frå linefiske. Årsaka var at det blei innført forbod mot å bruke trål i området, og det blei difor aktuelt å ta i bruk linebåtar. I dag har Ervik-gruppa tre lisensar i Sør-Georgia.

- I starten sende vi nedover båtar med norsk mannskap, og vi gjekk tur retur Norge. Det var ein lang tur, så no har vi båtar som opererer i området og får forsyningar lokalt. I starten måtte vi gjere det på denne måten for å lære opp resten av mannskapet. No er det berre skipperen som er norsk, seier Ervik.

 

Ikkje for alle

Han legg ikkje skjul på at det er spesielt å jobbe der, og at dette ikkje er ein jobb for kven som helst. Fartøya er på havet tre månader i slengen, og som oftast er det minst 14 dagar marsj til næraste hamn. Der er ingen kystvakt eller helikopter som kan reise ut og assistere ved sjukdom eller skadar.

- Nei, når ein er på sjøen i dette område må ein klare seg sjølv, og bør nok helst ikkje få blindtarmbetennelse eller hjarteinfarkt. Mannskapet er innforstått med at det er slik, og så langt har vi ikkje hatt nokon alvorlege hendingar, seier Ervik.

Han har tru på framleis vekst i dette fisket. Ifølgje Ervik er det berre eit tidsspørsmål før tannfisken også er å finne på norske middagsbord.