Avtalen er i tråd med det internasjonale havforskingsrådet ICES si tilråding og inneber ein nedgang frå kvoten for 2022 som var på 794 920 tonn.

– Eg er svært fornøgd med at vi no endeleg har fått fastsett ei totalkvote for makrellen. Dette er noko vi har jobba for i lang tid og som betyr mykje for fiskarane, og for ei berekraftig forvaltning av denne viktige fiskestammen, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Trass i fleire forhandlingsrundar gjennom heile 2022 har ein endå ikkje komme heilt i mål på spørsmåla om fordeling av bestandane og forvaltningsplan for makrell. Partane må bli samde seinast 31. mars og har derfor allereie no avtalt fleire møte i februar og mars 2023 for arbeide vidare med dette.

– Vi vonar at dei gjenståande spørsmåla finn si løysing i starten av neste år. Departementet vil likevel lage ei førebels kvote for 2023, slik at dei som treng det kan starte opp sitt fiske allereie frå årsskiftet, seier Skjæran.

 

NEA mackerel Agreed Record for 2023.pdf