Dyrast er landindustrien, der det ifølge NOx-fondet er ein kostnad på 367 kroner per kilo, medan olje- og gassnæringa ligg på 333 kroner.

Talla er henta ut frå korleis støttebeløpa frå NOx-fondet fordeler seg på forskjellige næringar og baserer seg på innstilt støttebeløp frå fondet og berekna årleg reduksjon av utslepp. Sjå tabellen under.

 

Oversikt over støttebeløp fordelt på næring. Kilde NOx-fondet.

 

NOx-fondet har gitt tilsegn på støtte til meir enn 5,5 milliardar kroner til 279 tiltak i perioden 2018 til 2020. I november blei det gitt ytterlegare 200 millionar kroner i tilsagt til 16 tiltak. Ikkje alle søknader nådde opp og seks fekk dermed avslag. Av støtta som fekk tilsegn er det innvilga 25 millionar kroner til flåtefornying til eit fiskefartøy. Tiltaka er estimert å gi ein årleg reduksjon i NOx-utsleppa på over 1005 tonn, skriv NOx-fondet på si heimeside. Der kan du også lese meir om tildelingane.

 

Her kan du sjå full oversikt over innvilga støtte.