Olje- og energidepartementet opnar områda Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II for søknadar om fornybar energiproduksjon til havs. Det annonserte olje- og energiminister Tina Bru under ein båttur til Utsira og HywindDemo utanfor Haugesund i Rogaland fredag 12. juni.

— Vi treng fleire bein å stå på i det grøne skiftet, og dette er enda eit stort steg for havvindnæringa i Norge, seier Olje- og energiminister Tina Bru.

Etter havenergilova må området opnast av Kongen før det kan søkast om konsesjon til produksjon av fornybar energi til havs.

 

Fiskeriinteresser

I forslaget som var på høyring gjekk departementet inn for å opne området Sandskallen-Sørøya Nord utanfor Hammerfest.

— Eg har merka meg stor motstanden mot å opne Sandskallen-Sørøya Nord, mellom anna frå fiskeriorganisasjonane. Fiskeria er ei viktig næring med ein aktiv bruk av havområda våre, og eg har lagt stor vekt på deira synspunkt. Det blir viktig også når vi kjem til konkrete saker, seier Bru. 

Regjeringa ønskar også sjå nærare på eit område utanfor Helgeland, slik at det kan opnast område der seinare. Dette har vore eit ønske frå fleire næringslivsaktørar i Nordland, seier Bru.

 

Les også;

Fiskebåt sterkt kritisk til nye vindkraftanlegg i høringssvar.

Her kan du lese hele høringsuttalelsen fra Fiskebåt.

Desse to områda blir i dag opna:

Olje- og energidepartementet opnar områda Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II for søknadar om fornybar energiproduksjon til havs. Illustrasjon: NVE.

 

Utsira Nord ligg vest av Utsira og Haugalandet, og eignar seg for flytande vindkraft. Området er også stort, 1010 kvadratkilometer, ligg nært land, og legg dermed til rette for både demonstrasjonsprosjekt og større prosjekt.

 

Sørlige Nordsjø II grensar mot dansk økonomisk sone søraust i Nordsjøen, noko som gjer området aktuelt for direkte eksport av kraft. Området er på heile 2591 kvadratkilometer og har djupner som gjer det mogleg å utvikle botnfast vindkraft, men det er også mogleg med flytande vindkraft.

 

Vil gjelde frå 2021

Områda blir opna frå 1. januar 2021, og det er ved opninga sett grenser for kor store utbyggingar som kan tillatast i områda.

Samla legg områda til rette for 4 500 MW med vindkraft. Dette kan produsere kraft tilsvarande forbruket til over ein million husstandar.

Kongen har i dag også ved kongeleg resolusjon fastsett havenergilovforskrifta, som utdjupar havenergilova og mellom anna klargjer konsesjonsprosessen.

 

Les meir:

NVE sitt temakart, som viser alle utgreiingsområda for havvind 

Kongeleg resolusjon for fastsetjing av forskrift til havenergilova

Kongeleg resolusjon for opning av områda