Den første sesongen har fått tittelen «Håp i motvind», og har som mål å motivere i ei tid med koronavirus og mange utfordringer for alle. I podkasten møter programleiar Jannicke Farstad menneske på jobb langs heile kysten, og du får høyre om verdiskapinga som skjer her.

- Vi bur i eit land som har meir enn fem gongar så mykje havareal som landareal. Meir enn 200 000 personar jobbar i havnæringane. Havet og kysten pregar utviklinga av landet, og det frå havet vi har henta størstedelen av ressursane fram til i dag, og det kjem vi truleg til å gjere også i framtida. Desse historiene vil vi gjerne fortelle om gjennom podkasten, seier Jannicke Farstad

Jannicke Farstad er programleiar i den nye podkasten. (Foto: Doxacom).

 

Bygge bru over krisa

Det første programmet er tidsaktuelt og handlar om at fiskerinæringa no opplever at det er stengte grenser for norsk sjømat. Frå Ålesund og om bord i fabrikktrålaren Ramoen får du høyre korleis administrerande direktør Per Magne Eggesbø og skipper Egil Skarbøvik løyser utfordringane i denne krisa.

 

Får fram kreativitet

I det andre programmet møter vi Marta Hauge, sjukepleiar og salssjef i ShipMed og Mats Rørvik Grimstad som er skipper og driftssjef i fiskebåtreiarlaget Nordnes. Episoda som heiter «Koronakrisa får fram kreativitet på havet» handlar om at det vi treng for å føle oss trygge på havet.

 

Historia om Norge

Podcasten er produsert av Doxacom i samarbeid med innovasjonsselskapet ÅKP og klyngene GCE Blue Maritime og NCE Blue Legasea.

- Intensjonen er å synliggjere verdien av kyst- og havnæringane, verksemdene og enkeltpersoner langs kysten, fortelle gode historier, skape stoltheit og auka kunnskap. Kort sagt ønskar vi å sette tydelige spor etter dei som sørger for at det er lys i alle hus, seier Wenche Uksnøy i NCE Blue Legasea.

 

Du kan allereie no høyre dei to første episodane blant annet på Anchor, Spotify, iTunes (Apple podcast), Google Podcasts, Breaker, Pocket Casts og Radio Public.

Du kan også høyre dei på podkasten si eiga nettside.