Båten blir 67 meter lang og får ei breidde på 14,6 meter. Innvendig blir det både HG og filetlinje levert frå Bjørdal fabrikk. Det blir palletering og frysehotell om bord og truck i lasterommet, fortel reiar Olav Østervoll.

 

Stor batteripakke

Hovudmotoren blir levert frå Bergen Diesel og er på 2540 kilo watt. I tillegg blir det ein batteripakke på 300 kilo watt. 

Illustrasjon; Marin Teknikk

Det er Marin Teknikk i Herøy som skal designe båten og har ansvaret for det ingeniørtekniske. Dagleg leiar i Marin Teknikk, Svein-Rune Gjerde, seier til Sunnmørsposten at dette blir eit nyvinnande fartøy der dieselforbruket blir redusert med rundt 10 prosent samanlikna med ein tradisjonell fiskebåt.

 

Byggast i Tyrkia

Framdriftssystemet blir dieselelektrisk med batteripakke. Båten får ulike driftsprofilar alt etter kva aktivitet den driv. På den måten blir motorar og drivstofforbruk mest mogleg optimalisert.

Det Tersan Shipyard i Tyrkia som skal bygge båten. Verftet har levert fleire fiskefartøy til norske reiarar i løpet av dei siste åra.