Det er femte året at Ombordfryst-konferansen blir arrangert i Ålesund. Konferansen er retta mot den delen av havfiskeflåten som frys fisken om bord i fartøya på havet (difor ombordfryst), deira kundar og leverandørar.

- Vi ser at denne konferansen har blitt den viktigaste arenaen for mange i næringa der ein både får faglege innspel, men også møter andre som jobbar med dei same problemstillingane, seier Ørjan Olsen, som er prosjektleiar for nye marknader, i Norges sjømatråd.

Sjømatnæringa er ei global næring og det meste av fisken som blir fiska av norske fiskebåtar blir eksportert til resten av verda.

- I fleire år no har det meste gått i rett retning. Lav rente, gunstig kronekurs og ikkje minst gode prisar på dei kvalitetsprodukta som den norske fiskeflåten leverer. Sidan 2014 har torskeprisen meir enn dobla seg i Sunnmøre og Romsdal Fiskeslagslag, og det ser ut til betalingsviljen vil halde seg på eit høgt nivå, seier Finn-Arne Egeness, som er bransjeanlytikar for sjømat i Nordea.

Ombordfryst-konferansen er eit samarbeid mellom Norges sjømatråd, Fiskebåt og Nordea. I år er det rundt 250 påmeldte til konferansen som er arrangert kvart år sidan 2016.

Her finn du lenke til programmet og påmelding.