Ny russisk militærøving i Barentshavet
Russland har sett i gang ei militær øving i norsk økonomisk sone nordaust i Barentshavet. Ifølge navigasjonsvarselet varer øvinga frå 14. mai kl. 21.00 til 18. mai kl. 21.00 UTC. Fiskebåt reagerer sterkt på det som skjer.
16 mai 2022
- Russarane har ikkje heimel til å stenge området, og dei er ansvarlege for å utføre øvinga på ein slik måte at tryggleiken blir ivaretatt. Kvart enkelt fartøy må likevel ta stilling til om dei vil etterkome pålegget om å forlate området eller ikkje. Med tanke på korleis russarane opptrer i andre område, er det kanskje grunn til å vere uroa for tryggleiken til fartøy som vel å bli i området, seier Sturla Roald, avdelingsleiar i Fiskebåt.
Sturla Roald, avdelingsleiar i Fiskebåt (Foto: CF Wesenberg).
Fiskebåt vil følge opp saka overfor norske styresmakter. Det er også gjort i liknande saker tidlegare, utan at det har ført til noko betring.
Området der det no pågår øving er nordaust i Barentshavet, og har følgande koordinatar;
A. 73-30.0N 014-00.0E.
B. 73-30.0N 016-00.0E.
C. 72-00.0N 016-00.0E.
D. 72-00.0N 014-00.0E.
Øvinga dekker eit stort, og det pågår fiske etter snabeluer innafor området. Der er sju norske fiskebåtar i området, men fleire er i ferd med å forlate området.
- Det er urovekkande at russarane nok ein gong vel å gjennomføre ei militær øving i norsk økonomisk sone på kort varsel, og utan at det blir tatt omsyn til pågåande fiskeriaktivitet.