I fjor var det nesten 1500 skulelevar som deltok, fordelt på tre forestillingar i Ålesund kulturhus. I år har koronaviruset ført til at planane måtte endrast og samlinga måtte gjennomførast digitalt. Dermed var det enda fleire skuleklassar som hadde lyst å delta. Totalt enda det på 1808 elevar i 10. klasse fordelt på 34 skular.
 

Sending på Youtube

- Vi la difor opp til ei TV-sending på Youtube der elevane kunne site å følge programmet frå sine eigne klasserom. Ei utfordring var at vi har ein Kahoot-konkurranse, men det gjekk bra det også, sjølv om det var mange som deltok, seier Odd Kristian Dahle, informasjonsleiar i Fiskebåt.

Arrangementet var lagt opp som ei profesjonell TV-sending med fleire kamera i sving. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).

 

I TV-bussen hadde teknisk leiar Magne Svensen full kontroll over sendinga. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).

Viktig arena for rekruttering

Den årlege ungdomsmønstringa har blitt ein viktig arena for å fortelje ungdom om eit spennande yrkesval innan fiskeri. Bak satsinga står organisasjonane Fiskebåt, Fiskarlaget, Surofi og Marint kompetansesenter. I tillegg er Sildesalgslaget og Sparebanken Møre med som sponsorar av arrangementet.

- Fiskaryrket har blitt svært populært, men samtidig er det få som veit så mykje om det. Difor samlar vi ungdomar for å fortelje dei litt om kva dette går ut på før dei skal velge skulegang vidare. Så har vi alltid med oss ein kjend artist. Dei siste åra har dette vore Amanda Tenfjord, som også i år leverte etter forventningane, seier Dahle.

 

Amanda Tenfjord stilte opp med to songar også i år. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskbåt).


Konkurranse

Opplegget er nokså likt frå år til år. Først får ungdomane ein liten smakebit på kva det inneber å ha eit yrke på sjøen. Deretter får dei møte litt eldre ungdomar som har valt fiskeri som yrkesveg, før det blir Kahoot-konkurranse mellom dei forskjellige skulane. Premien er kr. 10 000 til klassa som vinn.


I år besto panelet med unge fiskarar av;

- Daniel Magerøy (19 år), fiskar om bord i O. Husby.

- Malin Nygård (22 år), siste året på fagskule før ho blir maskinist. Har tidlegare jobba ved fleire av Havfisk sine fartøy.

- Fredrik Grimstad (20 år), Nordbas, går også på fagskulen i Ålesund for å bli maskinist.

 

Les også;

1500 ungdomar skal lære om fiskaryrket

Stor interesse for fiskaryrket

Lærling med stort ansvar