Det er Salt Ship Design som har designa den nye trålaren, Liafjord, som skal bli 71 meter lang og 15 meter brei, skriv selskapet i ei pressemelding.

 

Les også;

Verdas første fiskebåt på LNG

 

Også dette fartøyet vil få det siste nye innan miljøteknologi, og vil blant anna bli utstyrt med uttrekkbare baugfoilar. Det nye fartøyet vil bli verdas første fiskefartøy som har installert dette, under føresetnad av at reiarlaget for støtte for tiltaket gjennom Enova. 

Ifølge Salt Ship Design vil foilane redusere rørslene i båten, og dermed redusere forbruket av drivstoff ved store bølgjer. Samtidig vil systemet auke både tryggleiken og komforten for mannskapet, og gjere at fartøyet kan halde større fart under tøffe forhold, heiter det i pressemeldinga.

Den nye trålaren vil også bli utstyrt med ein batteripakke og elektriske vinsjar.