Totalkvoten var i tråd med tilrådinga frå Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) og gjeldande forvaltningsavtale. Totalkvoten inkluderer ei avsetting til Den nordaust-atlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) for andre land sitt fiske i internasjonalt farvatn på 73 961 tonn.

- Det er viktig for norske fartøy å få tilgang til andre land sine soner i fisket etter kolmule. Vi arbeider framleis med å få ferdig avtalar om sonetilgang. Inntil vi er kome i mål med dette blir den norske kvota sett med tradisjonell fordeling, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen, i ei pressemelding.

Norge si disponible kvote blir dermed 208 306 tonn kolmule før eventuelle bytteavtalar med blant anna EU er tatt med. Av dette kvantumet kan norske fartøy fiske 34 800 tonn i færøysk sone etter bilateral avtale mellom Færøyane og Norge for 2021. Kvotebytet med Russland varierer proporsjonalt med den norske kolmulekvoten. For 2021 skal det etter avtalen bytast 16 175 tonn kolmule til Russland.

Av totalkvoten er det sett av 1 030 tonn til forskings- og undervisningskvoter.