- Fordelen med oss fiskarar er at vi hugsar berre det positive, men på denne turen har vi hatt ein del dårleg ver. Og det er rett og slett tøffe verforhold der borte. Vind, straum og is er krevande, men inne mellom får vi nokre flotte solnedgangar og vakkert nordlys på natta, og då er alt anna gløymt, seier den erfarne skipperen.

Også fiskar Karen Haslerud Drivdal (25) frå Kristiansand ser fram til litt fri i det ho pakkar seg ut av lugaren. Ho har vore fiskar i tre år, men dette var første gongen ho var med på rekefiske ved Grønland, og det fristar til gjentaking.

 

Fiskar Karen Haslerud Drivdal viser stolt fram rekene etter sin første tur til Aust Grønland. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).

 

- Ja, det gjer det absolutt. Tidlegare har eg blant anna jobba på snøkrabbebåt, men dette er noko heilt anna. Så eg blir gjerne med til Grønland fleire gongar viss sjansen byr seg, men no blir det først litt påskeferie, seier ho.

 

Store reker

Medan pallane med reker blir lossa i Gangstøvika i Ålesund kjem dei som skal selge rekene i marknaden på besøk. Dei er spente på å sjå dei første grønlandsrekene som er fiska av ein norsk båt på 12 år.

- Dette ser absolutt lovande ut, seier Knut Helge Vestre, adm.dir. i Coldwater Prawns of Norway, og tar opp ein neve med reker frå kartongen.

- Grønlandsrekene er vesentleg større enn dei som blir fiska i Barentshavet. Vi er difor spent på korleis marknaden vil ta i mot desse rekene, men håpar og trur at forbrukarane vil sette pris på å få større reker, seier Vestre.

Dei største konsumrekene som blir fiska i Barentshavet har som oftast storleiken 70-90, som vil seie at det er i snitt 70 til 90 reker per kilo. Grønlandsrekene er derimot større, og rundt 25 prosent av fangsten er i storleiken 50-70.

 

Grønlandsrekene er jamt over større enn rekene som fiskast i Barentshavet. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.)

 

Ikkje eigen marknadsføring

- Desse rekene blir dyrare ut til forbrukar enn det våre reker brukar å vere. Truleg vil prisen bli om lag den doble, men så er rekene ein gode del større, og kan såleis vere enda meir attraktive for kundane, seier Vestre, som er overbevist om at forbrukarane vil ta godt imot produktet.

Trass eksklusiviteten med at dei er større, og at dei er dei første som er fiska av ein norsk båt på 12 år, vil han ikkje marknadsføre dei annleis enn Barentshav-rekene.

- Nei, dei vil bli selt under same merkenamnet og i dei same pakningane. Vår merkevare er det kalde og arktiske, og at det er norske reker som er fiska av norske fartøy, seier Vestre.

 

Om lag 420 tonn blei lossa i Gangstøvika i Ålesund. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).

 

Enno ein del igjen på kvota

Rekefisket ved Grønland er kvoteregulert og bestanden har vore nede i ein bølgedal dei siste åra. Det er også forklaringa på at ingen norske båtar har tatt turen på dette fisket dei siste 12 åra.

- Bestanden er i ferd med å ta seg opp igjen, og Norge har i år ei total rekekvote på Aust-Grønland på 1701 tonn. Tidleg på 2000 talet var kvota vesentleg høgare, og det eit mål å vidareføre dette tradisjonsrike fisket. Kvota får vi gjennom ein kvotebyteavtale med EU, der dei får andre artar i norske farvatn i retur. For Norge og norsk fiskerinæring er det viktig at denne kvota blir fiska, seier Jan Ivar Maråk, assisterande direktør i Fiskebåt.

 

Fleire vurderer å prøve seg

Ifølge Maråk er det no fleire norske reiarlag som vurderer å starte opp igjen rekefisket ved Aust-Grønland, og interessa vert ikkje mindre av at Arctic Swan har hatt ein god tur. På tur heim møtte Arctic Swan trålaren Granit på veg til rekefelta ved Aust-Grønland. Maråk håpar at Norge greier å fiske opp rekekvoten ved Aust-Grønland i år, men høge bunkersprisar og eit for tida godt rekefiske i Barentshavet kan sette ein stoppar for målsettinga. Rekesesongen på Aust-Grønland er normalt over i midten av mai.

 

Gjer det gjerne igjen

Skipper Pål Lillerovde har trua på at rekefisket ved Grønland vil halde fram. Tidleg på 2000-talet var han fleire turar til Grønland i løpet av ein sjuårsperiode. Og sjølv om verforholda kan vere tøffe, og ein er langt heima frå, er det verdt det.

- Eg kjenner igjen måten å vere sliten på, og det er meir krevande å fiske ved Aust Grønland, enn det er å fiske i Barentshavet, men eg er fornøgd med turen og mannskapet er fornøgde. Samtidig er det nok fleire som tenkjer at det er greitt at turen er over for denne gong. No får vi berre håpe at forbrukarane også set pris på rekene, seier han.

 

Arctic Swan til kai i Ålesund. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).

 

Mannskapet fekk oppleve mykje flott nordlys på turen. (Foto: Pål Lillerovde).

 

Veret ved Aust Grønland kan vere utfordrande, men byr også på vakre kveldsstemningar. (Foto: Pål Lillerovde).

 

Mykje av fisket foregår i islagte farvatn. (Foto: Pål Lillerovde).