Avtalen, som vil tre i kraft frå 1. januar 2021, legg til rette for fiskerisamarbeid om kontroll, lisensiering og forsking. I tillegg gir den partane høve til å avtale gjensidig rett til kvarandre sine fiskerisonar og til byte av fiskekvotar, skriv Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.

 

Signering i London

Avtalen blir signert i dag (30. september) mellom klokka 12 og 13. I forkant av signeringa vil det vere eit videomøte mellom fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen og den britiske kollegaen hans, George Eustice. Signeringa vil finne stad i London, der Noregs ambassadør til Storbritannia, Wegger Chr. Straumen, og George Eustice signerer avtalen. Den britiske ambassadøren til Noreg, Richard Wood vil vere til stades i Nærings- og fiskeridepartementet under signeringa.