Grønland sin kvote i Barentshavet i 2022 er sett til 4 000 tonn torsk, 750 tonn hyse, 650 tonn sei og 425 tonn bifangst av andre artar.

Den norske torskekvoten er på 1350 tonn og kveitekvoten 30 tonn.

Blåkveitekvoten på Vest-Grønland blir vidareførd på 900 tonn, samtidig som blåkveitekvoten på Øst-Grønland aukar til 375 tonn. På grunn av usikker bestandssituasjon blir uerkvoten redusert til 500 tonn. Kvoten på skoleist på Øst-Grønland blir auka med 50 tonn og bifangstkvoten av andre artar blir auka med 175 tonn. Kvoten på botnlevande uer på Øst-Grønland blir redusert til 500 tonn.

Norge og Grønland er også einige om å vidareføre det gode forskingssamarbeidet, særlig for bestandane blåkveite, torsk, uer og makrell.

På grunn av korona-pandemien er det første gong partane har møttes fysisk til bilaterale forhandlingar sidan hausten 2019.