Då skal lokale eldsjeler og ei samla sjømatnæring ta eit tak for miljøet og inviterer til «Strandryddefestival» på Øygardshamna på Giske utafor Ålesund.

Til saman 10 organisasjonar frå sjømatnæringa (sjå liste under) i samarbeid med «Hold Norge rent» og «Plastfritt Hav» står bak storsatsinga med årets Strandryddefestival.

 

Allsang og god mat

I fjor blei det spelt inn musikkvideo med eigenkomponert strandryddesang. I år skal denne spelast inn på nytt der alle kan vere med å synge og det skal filmast med drone. Det blir også god mat til alle som kjem. Dei kjende kokkane frå Flying Culinary Circus kjem til Giske og diskar opp med god sjømat.

Desse organisasjonane står bak arrangementet:
- Plastfritt Hav
- Norges sjømatråd
- Sjømatbedriftene
- Norsk Industri
- Fiskarlaget 
- Norges Sildesalgslag 
- Pelagisk forening 
- Sjømat Norge
- Fiskebåt
- Norges Råfisklag
- FHF

Her er lenke til Facebook-arrangementet.

Her kan du sjå video om fiskerinæringa sin strandryddeaksjon.