Miljø og berekraft på Fiskebåt-årsmøte
Konkurranse om havarealet er ei av hovudsakene på Fiskebåt sitt årsmøte neste veke. Dit kjem både fiskeri- og sjømatminister Geir-Inge Sivertsen og statssekretær Odd Emil Ingebrigtsen i Olje- og energidepartementet.
Vindkraft er viktig for å redusere klimagassutsleppa, men enkelte gongar blir det interessekonfliktar mellom storstilte vindkraftutbyggingar til havs og fiskeriinteressene. Per i dag er det lite kunnskap om korleis havvind virkar inn på dyrelivet i havet. Fiskebåt meiner difor at ein må legge til grunn ein føre-var-strategi før det blir sett i gang store utbyggingar som ein ikkje veit konsekvensane av.
Berekraft er eit anna sentralt tema på årets Fiskebåt- årsmøte. Fiskerinæringa er prisgitt at naturen spelar på lag, og at vi haustar ressursane på ein slik måte at dei kan vare evig. Forbrukarar verda rundt blir også stadig meir opptatt av berekraft. Til årsmøtet kjem fleire ekspertar med forskjellige innfallsvinklar.