Det er Måløyavisa Fjordenes Tidende som skriv om dette. Dagleg leiar i Ecobait AS, Ole Petter Humborstad, seier til avisa at målet er å kunne levere jamn kvalitet gjennom heile året.

– Målet vårt har vore å kome fram til eit fabrikkert agn som ikkje berre kan konkurrere på pris, men som også kan lokke til seg akkurat det fiskeslaget ein er ute etter på fiskefelta. På den måten kan vi redusere uønskt bifangst, ein problematikk som er spesielt vanleg for torsk og hyse, seier Humborstad til Fjordenes Tidende.

 

Eigd av linefiskarar

Selskapet Ecobait er eigd av ei rekke reiarlag som primært driv med linefiske, og eigarane ser med interesse på at selskapet no ha utvikla eit artsselektivt agn. 

– Det vil bidra til betre forvalting av fiskeressursane ved at vi kan treffe mykje betre på kvotane som styresmaktene gir oss kvart år, seier  Arild Aarvik, som via investeringsselskapet Carisma Fish AS er medeigar i selskapet.

 

Arild Aarvik i Carisma Fish (Foto: Norges Fiskarlag)

 

Selskapet jobba først med å utvikle eit billigare agn, og jobba først ut frå ideen om å ta vare på fiskeavskjeret, male det opp og fryse det i pølser som så skulle brukast som agn, men dei forsto at dette måtte ha ei meir forskingsbasert tilnærming. Prosjektet fekk dermed 14 millionar kroner frå Norges Forskningsråd i 2018, og selskapet har også eit godt samarbeid med Innovasjon Norge og Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansering. Dei har også knytt til seg doktorgradsstipendiat Dejan Knezevic frå Norges Miljø- og Biovitenskapelige Universitet (NMBU) på Ås.

 

Ikkje i mål

Sjølv om dei har kome langt i utviklinga er det enno eit stykke fram.

– Vi er i ferd med å knekke koden. Vi ser ut til å ha løyst gåta for torsk og hyse i Barentshavet, men vi må forske meir før vi er i mål, seier Aarvik.

 

Her kan du lese heile saka i Fjordenes Tidende