- Dei vitskapelege råda viser at makrellbestanden er på veg nedover, og det har vi tatt på alvor når  kvota for neste år blei fastsett, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

 

Betre grunnlag

Kyststatane er også samde om å sette ned ei arbeidsgruppe som skal samle informasjon om utbreiinga til makrellen. Formålet er å få eit godt grunnlag for vidare forhandlingar om kvotefordeling. Arbeidsgruppa skal presentere sin rapport seinast 28. februar neste år, og partane er samde om å møtast i mars for vidare forhandlingar.

Skjæran meiner det er bra at kyststatane har sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på dette.

- God informasjon er ein føresetnad for ein god avtale om fordeling, og bør kunne bidra til å motverke overfiske av makrell, seier Skjæran.

 

Sonetilgang

Tilbang til å fiske makrell i andre land sine soner er ikkje ein del av kyststatsforhandlingene på makrell, men skal takast opp i trilaterale (tre partar) og bilaterale (to partar) forhandlingar fortløpande. Dei trilaterale forhandlingene mellom Storbritannia, EU og Norge starta i dag. Fiskebåt følger her opp spørsmålet om gjensidig tilgang til landa sine soner.