Innst i fjorden og rett utfor fiskefabrikkane til Båtsfjordbruket og Lerøy Seafood ligg det fleire «ventemerder», der fisken blir lagra fram til den blir tatt inn i fabrikkane. Både Båtsfjordbruket og Lerøy Seafood har merder der dei kan ha torsk og hyse på vent inntil fisken trengs i produksjonen.

 

Sjå videoreportasje frå Båtsfjord

 

- Levande fangst har blitt ekstremt viktig for Båtsfjordbruket, der vi kan ta inn fisk ved behov, og produsere når marknaden er der. I tillegg gir levande fangst og lagring ein heilt ekstremt god kvalitet på produkta. Den er like god som om du fiskar fisken sjølv rett før middag, seier Frank Kristiansen, dagleg leiar ved Båtsfjordbruket.

 

Levande fangst sikrar heilårleg drift ved Båtsfjordbruket seier Frank Kristiansen, dagleg leiar Båtsfjordbruket AS. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

 

Både levande og bløgga

Skipper på Båragutt, Knut Henriksen, har akkurat lagt til kai med fangsten frå siste døgnet. Med seg har han både levande og bløgga fisk.

- Vi har med oss både bløgga og levande torsk og hyse. Ombord har vi to rom med levande torsk og to rom med levande hyse. No skal den levande fisken settast ut i merdene, seier Henriksen.

Han er ikkje i tvil om at levande fangst har kome for å bli.

- Levande fangst er utan tvil framtida. Det er kvalitet som ikkje kan samanliknast med noko anna. Du og eg som forbrukarar vil at fisken skal vere så fersk som mogleg, og då er dette måten å gjere det på, seier Henriksen. 

 

Knut Henriksen, skipper på Båragutt meiner at levande fangst er framtida. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

 

Framtida er levande fangst

Også skipper på Ballstadøy, Arnt Helge Sørensen, har tru på at framtida ligg i fangst av levande fisk.

- Ja, det trur eg, men ikkje nødvendigvis slik vi driv i dag. Kanskje vi kjem til å levere noko i merdene og i tillegg levere den levande rett til fabrikken, men at det blir meir levande fangst og lagring er eg ikkje i tvil om, seier Sørensen.

 

Arnt Helge Sørensen, skipper på Ballstadøy, er ikkje i tvil om at det vil bli meir levande fangst framover. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

 

Siste døgnet har han og resten av mannskapet fiska austover mot Vardø, og har som Båragutt med seg både torsk og hyse. Heilt utan utfordringar er det likevel ikkje å levere fisken levande.

- Vi brukar vesentleg lengre tid på dette fisket som følge av at vi må ta mindre hal. Dette gjer også at vi forlengar sesongen. For fiskefabrikkane er dette ein fordel sidan dei då kan produsere utover hausten. Så totalt sett er nok dette til det beste for alle partar, seier Henriksen.

 

Tar ut fisk etter behov

Ved merdekanten blir den levande fisken pumpa ut i lag med store mengder vatn. Fisken kan gå opp til fleire månader i merdene før den blir slakta.

- Vi røktar fisken og har dispensasjon til å gi den litt fôr etter fire veker i merdene. Så tar vi opp fisken etter behov. Dette gjer at vi kan lage produkt vi elles ikkje kunne laga, seier Alexander Johnsen, som er avdelingsleiar ved Lerøy Norway Seafoods i Båtsfjord.

 

Alexander Johnsen, avdelingsleiar Lerøy Seafoods Båtsfjord, seier at levande fangst gjer at landindustrien kan lage produkt som ikkje var mogleg tidlegare. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

 

For fiskebedriftene er det særleg viktig at dei kan ha hysa så fersk som mogleg i produksjonen.

- Vi har sett som krav at alle som skal levere hyse til oss, må kunne levere levande fisk, seier Johnsen.

 

Heilårlege arbeidsplassar

Dei to fiskebedriftene har til saman over 200 tilsette som har arbeid gjennom heile året. Sjølv om dei er konkurrentar hender det også at dei samarbeider.

Mannskapet på Båragutt kontrollerer all fisken før den blir ført over i merdene. Foto: Odd Kristia Dahle/Fiskebåt.

 

- Ja, på ein så liten plass som dette må vi både konkurrere og samarbeide. Så det hender at vi hjelper kvarandre viss til dømes den ein manglar fisk som den andre har, seier Frank Kristiansen.

 

Les også;

Stor kyst er svært viktig for Finnmark

- Å gi kystflåten trålkvoter vil ikke berge bosettingen langs kysten. Snarere tvert i mot (ekstern lenke).

 

Viktig for landindustrien

I fjor landa kystflåten om lag 70 000 tonn fisk i Finnmark. Av dette kom 28 000 tonn frå kystflåten med fartøy som er lengre enn 21 meter. Store delar av dette vart landa etter april månad.

Frank Kristiansen ved Båtsfjordbruket meiner det er bra at det er ein differensiert flåte.

- Eg registrerer at enkelte prøver å skape konfliktar mellom dei forskjellige flåtegruppene, men eg meiner at det bør vere plass til alle. Det er ingen tvil om at den største kystflåten gjer at vi kan utvide sesongen og dermed tilby heilårlege arbeidsplassar her i Båtsfjord.

 

Som følge av levande fangst er det rom for to store fiskeforedlingsbedrifter i Båtsfjord. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

 

Utvidar sesongen

Årsaka er at den større flåten kan gå lengre for å fange fisken. I tillegg kan dei levere levande fangstar som gjer det lettare for industrien å tilpasse sin produksjon. Den mindre flåten leverer i hovudsak sine fangstar i løpet av mars og april. Då går produksjonen for fullt og marknaden er i stor grad metta.