Hovudredningssentralen (HRS) blei varsla klokka 1953 tysdag kveld og det blei med det same sett i gang ein omfattande leiteaksjon etter den sakna. Ifølgje HRS er situasjonen krevande og det bles vestleg kuling i det aktuelle området.

Trålaren Langenes er eigd av selskapet Bluewild i Ålesund, og det blei sett ned krisetab i Ålesund tysdag kveld, der også det kommunale kriseteamet er kopla inn.

- Dei pårørande er varsla og blir no tatt hand om av profesjonelle. Båt og mannskap deltek framleis i leitinga etter den sakna, og vil gå inn til Tromsø når leiteaksjonen er avslutta. Der vil dei bli møtt av representantar frå reiarlaget, seier Tore Roaldsnes, dagleg leiar i Bluewild.

Til saman 12 fiskefartøy i tillegg til Kystvakta og to redningshelikopter har deltar i leitinga.

Det er eit mannskap på 20 personar om bord i Langenes.