På veg nordover mot torskefiske ved Bjørnøya langt nord i Barentshavet er det mykje som skal lærast. I fem veker skal Thomas Andrè Heskedal lære så mykje han kan både om maskinene og fabrikken om bord i den store fabrikktrålaren. Deretter er det tilbake på skulebenken.

- Dette er min første tur med ein trålar, men eg har vore med ein snurpar tidlegare. Sjølve maskineriet er mykje av det same, men om bord her er det også ein stor fabrikk som vi og reparatøren har ansvaret for å halde i orden. Her er nemleg eigen reparatør om bord for det er stadig noko som må reparerast, seier Herskedal.

Thomas Andrè Herskedal trivst godt om bord i Ramoen. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).

 

Utfordringar

Det er difor nok av utfordringar å ta tak i. Fabrikken går meir eller mindre kontinuerleg, så det er stadig nokre småting som må utbetrast og ordnast.

- Fabrikken er veldig avansert, så her er stadig nye problemstillingar å sette seg inn i. Eg veit aldri kva dagen vil bringe av arbeidsoppgåver, og det er noko eg synes er spennande og utfordrande med denne jobben, seier han.

 

I kontrollrommet har dei full oversikt over alt som skjer om bord i båten. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).

 

Lærling til våren

Herskedal går no andre året på linja for Teknologi- og industrifag (TIP) ved Herøy vidaregåande skule i Fosnavåg. Til våren skal han starte på den to-årige lærlingeperioden, før han skal ta fagbrev som motormann. Kva som skjer deretter vil berre tida vise.

- Eg har alltid likt å skru og mekke og eg likar meg godt på sjøen, så det blir nok å halde fram med det, men målet er nok å ta litt meir skule etter fagbrevet for å gå vidare til å bli maskinist og seinare Chief, seier han.

 

Verkstaden er utstyrt med alt som trengs for å kunne utføre jobben. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).

 

Mekanikar på fritida

Og litt arveleg belasta er han, med ein far som er maskinist og ein farfar som også var på sjøen. Fritida brukar han i stor grad til å skru på båtmotorar og har allereie fått seg deltidsjobb ved verkstaden til Ferd båt i Fosnavåg.

 

Thomas Andrè Herskedal har inpsisert hovudmotoren om bord i Ramoen. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).

 

Fabrikktrålaren Ramoen på veg nordover mot torskefelta i Barentshavet. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).