Heilt konkret viste han til kvoterådet for lodde i Barentshavet, der det ifølge Fiskebåt er gitt eit for lavt kvoteråd i forhold til det som er realiteten. Dette spørsmålet er også eit av hovudemna på årsmøtet til Fiskebåt Sør.

- Vi hadde store forventingar til kvoterådet for 2023, og blei skuffa då det kom. Vi meiner det bygger på eit svakt grunnlag og at det er meir lodde i havet enn det forskarane har lagt opp til, sa Østervold.

 

Krig og kostnader

I talen var Østervold også innom utfordringar i forhold til auka kostnader.

- Krigen i Ukraina er først og fremst ein tragedie for dei som er direkte ramma av krigføringane, men det har også innverknader på oss som driv fiske. Drivstoffprisane har auke kraftig, og vi har den høgaste styringsrenta på om lag 15 år, sa Østervold.

Han peika på at dette gir ekstra utfordringar for reiarlag som vurderer å investere. Difor er det også store forventningar til kvotemeldinga som regjeringa er i sluttspurten med.

- Stabile rammevilkår er ein føresetnad for at vi skal kunne drive slik vi gjer. Dette har eg tatt opp i alle årsmøtetalane mine, men det er like viktig enno. Ikkje minst med tanke på at ei ny kvotemelding er på trappene, og at flåten skal kunne fornye seg, sa Østervold.