Det blir også mogleg å følge pressekonferansen direkte på Havforskingsinstituttet si Facebook-side.

Kvoterådea omfattar nordaustarktisk torsk (skrei), nordaustarktisk hyse, nordaustarktisk sei, kysttorsk, blåkveite og vanleg uer og snabeluer.

Kvoteråd for djuphavsartar

ICES har i dag kome med råd for følgande bestander.

Vassild i norske farvatn (ICES område 1, 2, 3a og 4): ICES tilrår i forhold til føre-var tilnærming ein totalfangst på inntil 10 270 tonn for kvart av åra 2019 og 2020. Dette tilsvarar ein nedgang på 34 prosent frå forrige råd. ICES grunngir nedgangen med ein nedgang i toktindeksen og at det blir brukt ein føre-var buffer. Grunnen til at dei brukar ein føre-var buffer på 20 prosent er ikkje gitt. Vassild vil gjennomgå ein metoderevisjon i 2020.

Blålange (ICES område 1, 2, 3a, 4a, 8, 9 og 12): ICES tilrår i forhold til ei føre-var tilnærming nullfangst for åra 2020-2023.

Brosme ICES område 1 og 2): ICES tilrår i forhold til ei føre-var tilnærming ein totalfangst på inntil 11 077 tonn for kvart av åra 2019 og 2020, opp seks prosent frå forrige råd. 

Brosme (ICES område 3a, 4, 5a, 6a, 7-9 og 12b): ICES tilrår i forhold til ei føre-var tilnærming ein totalfangst på inntil 8 627 tonn for kvart av åra 2019 og 2020, ned fire prosent frå forrige råd.

Lange(ICES område 1 og 2): ICES tilrår i forhold til ei føre-var tilnærming en totalfangst inntil 15 593 tonn for hvert av årene 2019 og 2020, opp 19% fra forrige råd.

Lange (ICES område 3a, 4, 5a, 6a, 7-9 og 12b): ICES tilrår i forhold til ei føre-var tilnærming ein totalfangst på inntil 18 516 tonn for kvart av åra 2019 og 2020, opp fem prosent frå forrige råd.

Her kan du lese den fulle versjonen av kvoteråda frå ICES.