- Dette var som venta og dermed ikkje overraskande, seier ressurforskar Gjert Dingsør i Fiskebåt.

Det er ei forskargruppe samansett av norske og russiske forskarar som kjem med tilrådinga. Normalt er det forskarane i det internasjonale havforskingsrådet, ICES, som gir råd om kvotane, men på grunn av Russland sin invasjon av Ukraina, blei russiske deltakarar suspendert frå ICES i mars 2022.

 

Det lågaste sidan 2008

Forskarane anslår at gytebestanden av torsk no er på rundt 800 000 tonn, som er det lågaste sidan 2008. I mellomtida har torsken hatt nokre gode år, med ein historisk topp i gytebestanden i 2013 på 2,3 millionar tonn, skriv Havforskingsinstituttet på si nettside.

Forskarane meiner det ikkje bør fiskast meir enn 566 784 tonn i 2023, som er 20 prosent mindre enn i 2022. Også i fjor var reduksjonen på 20 prosent frå året før, men fiskarane fanga meir enn kvoten.

 

Burde vore redusert enda meir

Forskar Bjarte Brogstad ved Havforskingsinstiuttet seier at kvotene etter forskarane sitt syn burde enda lenger ned, men at dette blir stoppa av ein forvaltningsregel som seier at kvota ikkje kan settast ned meir enn 20 prosent i gongen. Denne regelen for å sikre stabilitet for firskarane, samtidig som det ikkje skal gå utover berekraftig og langsiktig fiskeriforvaltning.

 

Her kan du lese meir om forskarane sitt kvoteråd for Barentshavet.