- Det er utruleg trist at nokon skal oppleve å bli trakassert på jobben slik vi har fått høyre i det siste. Det som har kome fram er på ingen måte greit og må ordnast opp i, seier Silje Knudsen.

 

Silje Knudsen er formann om bord i Havbryn. Foto: Privat.

 

Ho jobbar som formann i fabrikken på trålaren Havbryn og har gjort det sidan 2008. Når dei tok laust på siste tur hadde skipperen ein gjennomgang med alt mannskapet om bord der dei diskuterte kvar grensene går for kva som er trakassering og ikkje.

- Det er ikkje alltid like lett å finne gode svar på dette, men vi hadde ein god diskusjon rundt dette med begge skifta om bord, fortel skipper Kjell Inge Haram. 

Sidan dette tilfeldigvis var same dag som Liverpool slo Manchester United 5- 0, var det nærliggande å ta med fotball i diskusjonen.

- Det kan til tider gå hardt for seg når mannskapet ser på fotballkampar og kommentarane sit ofte laust. Vi blei likevel einige om at fotball skal vi halde utafor, seier Haram spøkefullt.

 

Tidlegare hjelpepleiar

Silje Knudsen jobba nokre år som hjelpepleiar før ho starta som fiskar. På mange måtar i motsett ende av skalaen, når det gjeld kjønnsbalanse.

- Ja, det kan du trygt seie. Eg likar nok betre å jobbe i eit mannsdominert miljø enn i eit reint kvinnemiljø. Når det gjeld menn på fiskebåtar, så er dei verken betre eller verre enn andre. Vi må nok berre finne oss i at miljøet er slik det er, og at menn er litt anleis enn oss kvinner, seier ho.

Knudsen presiserer at ho aldri har opplevd ubehagelege tilnærmingar i jobbsamanheng.

 

Positiv innstilling om bord

Det har heller ikkje Ingrid Dahlen, som jobbar i ei kombinert stilling med forpleining og fiskar på linefartøyet Atlantic. Dahlen starta på sjøen i 1999, og har jobba både på fiskebåtar og innan offshore. No er ho einaste kvinne på sitt skift.

- Eg har nok vore heldig og har aldri opplevd noko negativt frå arbeidskollegaene. Eg har heller ikkje høyrt om andre som har opplevd det. Her om bord opplever eg at både leiinga og dei andre som eg jobbar i lag med har ei positiv innstilling, seier ho.

 

Ingrid Dahlen jobbar med forpleining og i fabrikken om bord i Atlantic. Foto: Torgrim Grimstad/Fiskebåt.

 

Dahlen peikar på at leiinga i stor grad legg føringar for korleis miljøet blir om bord på eit fiskefartøy.

- Det er viktig at leiinga set fokus på trakassering og slår hardt ned på det viss noko skjer. Eg trur nok at det varierer litt med alderen også. Her om bord er det mange unge, og det kan virke som dei er meir veloppdragne og meir reflekterte enn dei som er eldre, seier Dahlen.

 

Ingen tullar med stuerten

Lisbeth Skagen er stuert om bord i trålaren Holmøy og har vore på sjøen i 12 år. Før det var ho bonde, som også er eit mannsdominert yrke.

- Det har hendt at eg har fått slengt kommentarar etter meg, men då er det berre å svare tilbake. Utover det har eg aldri opplevd noko ubehageleg, men det kan hende at mannskapet har for stor respekt for stuerten, seier Skagen.

 

FT Holmøy. Foto: Lisbeth Skagen.

Ho er ikkje i tvil om at betre kjønnsbalanse har positiv innverknad på miljøet om bord.

- Det blir eit anna miljø når det er fleire kvinner, så det har nok ein positiv effekt. Grunnen til at enkelte trakasserer kan kanskje ha samanheng med at dei vil hevde seg. Det er mange forskjellige mennesketypar om bord, men det er trist at nokon skal oppleve å bli trakassert på arbeidsplassen sin, seier Skagen.

 

Lang tradisjon for å ha kvinner om bord

Fabrikktrålaren Ramoen har lange tradisjonar med å ha kvinner om bord og erfaringane er gode. Stine Kamilla Mathisen jobbar som formann i fabrikken og har tidlegare også jobba på dekk. Ho har vore fiskar sidan 2010 med nokre avbrekk som kadett på eit lastefartøy, og som matros og styrmann på eit offshorefartøy.

 

Stine Kamilla Mathisen jobbar som formann i fabrikken på Ramoen. Foto: Privat.

 

- Eg har blitt tatt veldig godt i mot om bord, og kjenner meg ikkje igjen i historiene til desse kvinnene. Når det er sagt, så er det jo både trist og dumt at nokon opplever det slik på arbeidsplassen sin, seier Mathisen.

Ho synes det er bra at problematikken har kome fram i lyset og blir diskutert, og håpar at det ikkje fører til at ein skremer bort unge jenter som vil satse på fiskaryrket.

- Ja, det vil vere veldig dumt, for som sagt så har eg berre positive opplevingar og håpar at fleire jenter kan følgje etter, seier Mathisen.

 

Les også;

Anette Olsen stortrivst som fiskar