Kvalitet viktigare enn nokon gong

Av Paul-Harald Leinebø, styreleiar i Fiskebåt Vest.

For mange artar og mange produktgrupper står ein no i ein krevjande situasjon som følge av dei utfordrande marknadsforholda som koronapandemien og tiltaka kring pandemien skapar. Det gir store utfordingar for næringa, og vi har over tid til dømes sett dyrare logistikk, vanskeleg marknadstilgang, redusert betalingsevne og delvis endring i forbruksmønster. Det stiller store krav til næringa i alle ledd i verdikjeda, frå fjord til bord, både for å hevde seg i konkurransen, men ikkje minst kome styrka ut av situasjonen post korona. 

Det hjelper med ei næring som er vande med omstille seg og vande med å snu alle steinar for å optimalisere det beste resultatet i den andre enden. Det hjelper at ein over dei siste åra er betre kapitalisert, meir diversifsiert og har større grad av volum- og produksjonsfleksibilitet. Det hjelper med styresmakter som er på ballen ved tunge marknadsforhold, og det hjelper med medlemsorganisasjonar som på kvar sin måte forsøker og legge forholda best mogleg til rette for å få sjømat ut i den vide verda. 

Det som ikkje hjelper er at ein i denne perioden, ein eller annan stad i verdikjeda, byrjar å bli lempeleg med den leverte kvaliteten. Det er som å pisse i buksa. Mogleg det varmar kortsiktig, men det blir særs kaldt til slutt. Å etterstrebe og levere god kvalitet gjennom heile verdikjeda vil truleg vere det viktigaste vi gjer under denne krevjande marknadssituasjonen.

 

Berekraft og kvalitet

Internasjonalt har norsk sjømat eit godt omdømme, eit omdømme som også har utvikla seg positivt dei siste åra. Men omdømme er som tillit, det tek lang tid og bygge opp, men kort tid og rive ned. Norsk sjømat skil seg positivt ut i konkurransen hovudsakeleg på grunn av to enkle ord; Berekraft og Kvalitet. Anerkjenninga internasjonalt er bygd opp kring desse orda, og tilliten til at norsk sjømat er forvalta forsvarleg og produsert på ein berekraftig måte. 

Norsk fisk blir marknadsført i utlandet som eit kvalitetsprodukt frå reine og kalde havområde, som er forsvarleg forvalta og berekraftig produsert. Eit resultat av generasjonar med kunnskapsbygging i næringa og det tette samarbeidet med forsking og styresmakter. I tillegg jobbar vi stadig med å bli betre, fordi kvalitet, miljø og berekraft i stadig større grad er det konsumentane etterspør.

 

Kvalitet aukar lønsemda

Det er difor lett å bli fortvila når sommaren i fiskerimedia er prega av nyhende kring forringing av kvalitet ein eller annan stad i verdikjeda. Då er vi på feil spor, i forhold til kva vi alle ynskjer oss i den lange enden. At norsk sjømat skal styrke sin posisjon som merkevare. Å levere kvalitet aukar lønnsemd og reduserer matsvinn. Det er god økonomi. Vi kan ikkje setje oss sjølv i ein posisjon der omdømme til norsk fisk forringast. I diverse undersøkingar frå Sjømatrådet forbinder stadig større andel av dei førespurte ordet «sjømat» med Norge, og stadig fleire føretrekker sjømat frå Norge føre andre land. Det skuldast i stor grad at vi over god innsats i mange år har klart å levere stadig betre kvalitet på ein stadig meir berekraftig måte.

Skal vi utvikle denne posisjonen vidare må vi framleis forbetre oss gjennom heile verdikjeda, som sjømatnasjon og innan ressursforvaltning. For å lukkast kan vi ikkje akseptere at ein lemper på kvalitetskrava nokon stad i verdikjeda. Godt og betre omdømme er avhengig av ei viss kvalitetsutvikling. Godt omdømme gir lønnsemd og er god økonomi. Det er omdømmeutvikling som trass alt skal sørge for vekst i sjømatnæringa, og det er det gode omdømme vi har som skal ta oss godt gjennom denne krevjande koronasituasjonen.