Fredag skal statsråden delta på Fiskebåt Vest sitt medlemsmøte i Ålesund, men før det har han eit stramt program der han skal få innblikk i delar av fiskeindustrien på Sunnmøre. Og det heile starta onsdag kveld, då han først fekk møte bildekunstnaren Ørnulf Opdahl som held til på Godøya utafor Ålesund. Ingebrigtsen fekk omvising i atelieret hans, og dei to fann ein god tone.

Deretter bar det til Geilevikane og omvising i linefartøyet Loran, der reiar og linefiske Staale Dyb viste rundt frå brua til dekk. Loran er tilfeldigvis i land for å hente delar til maskina, fortel Ståle Dyb.

 

Reiar og linefiskar, Ståle Dyb/Loran, fortel om linefiske til fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen. (Foto: NFD).

 

Ståle Dyb viser Odd Emil Ingebrigtsen rundt på Loran. (Foto: NFD)

 

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen møtte mannskap om bord i Loran. (Foto: NFD).