Forhandlar med EU og Storbritannia
- Det er nok enno eit stykke før i er i mål med ein avtale, men forhandlingane har ein god tone, seier Ann Kristin Westberg, Nærings- og fiskeridepartementet, som leiar forhandlingane frå norsk side.
7 des 2021
Forhandlingane som pågår no, der den norske delegasjonen er samla i Bergen, er mellom Norge, EU og Storbritannia. Den største utfordringa er likevel å få til ein avtale mellom Norge og Storbritannia om makrell. Dei forhandlingane startar først på over nyttår.
- Vi hadde ein avtale med Storbritannia om makrell frå 2014, men den gjekk ut 31. desember 2020. Den ga Norge ein andel på 22,51 prosent full tilgang til fiske i EU farvatn. Det beste hadde vore å føre denne vidare, men det er nok ikkje aktuelt, sa Westberg til årsmøtet i Fiskebåt Sør.
Ho viste også til at det er viktig å få til ein avtale med dei som fiskar i internasjonalt farvatn, som Island, Grønland og Russland.